19. mars innførte regjeringa eit forbod mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune. Samstundes oppmoda Helsedirektoratet folk om å unngå fritidsreiser, som dagsturar til hytta, sjølv om det er lov. Det same gjeld fritidsreiser med båt.

Det er likevel mange av lesarane våre som har tatt flotte bilde i påska, lagt dei ut på Instagram, og tagga dei med #strilen

Både to- og firbeinte har vore ute i naturen, medan andre har gjort kjekke ting i heimen.

Strilen ønskjer å dele lesarane sine bilde. Har du eit blinkskot på lur? Knipsa eit herleg smil? Eller eit morosamt bilde som du vil dele med andre? Merk bilda dine med #strilen på Instagram. (Du kan også sende oss bilde via desk@strilen.no eller Facebook).