• Bla ned for å sjå ørnebildet.

Ofte er hobbyfotografen Tore Hagen ute med kameralinsa for å fanga vakre naturbilde. Slik var det også tysdag, då han oppsøkte ein av sine favorittplassar ved Rydlandsvågen i Lindås.

Leikne ørner

Ikkje overraskande såg han fleire havørner i området, som ligg like bortanfor renovasjonsanlegget i Kjevikdalen.

I arkivet har Hagen fleire tusen bilde av fuglar i all slags samanhengar. Men med handhalden kamera frå 70–80 meters avstand fekk han eit sjeldan bra blinkskot av to havørner nyleg. Det ser dramatisk ut, men det er ikkje fullt så gale fortel han.

(trykk på bildet for å sjå større utgåve) Foto: Tore Hagen

– Dette er leik. Dei flaug fredeleg ved sidan av kvarandre, før den eine plutseleg la seg over den andre. Det er nok ei form for kurtisering, og det heile er over på eit par sekund.

– Det blir aldri eit hundreprosentsbilde, det skjer så raskt, seier Hagen, som likevel kan seie seg svært nøgd med utfallet.

«Årets bilde»

Då han nyleg delte det ferske ørnebildet på Facebook, var responsen upåklageleg: «Årets bilde det her», «Det bildet var du virkelig heldig med» og «Fantastisk bilde!»

FOKUSERT: Tore Hagen frå Knarvik elskar å ta bilde og brukar mykje tid ute «i felten». Dette bildet er frå eit tidlegare høve. Foto: Privat

Han har fanga liknande bilde før, men aldri når dei har fått klørne i kvarandre. Eit par år tilbake var han også i media då han kom over 52 ørn ved Kjevikdalen, som er eit attraktivt område for ørnen på grunn av fisken.

– Eg er ofte der nede (i Rydlandsvågen), det er stille og fint, men det er ikkje alltid optimale lysforhold.

Elles er Knarvik-mannen litt rundt om for å finna nye motiv. I løpet av siste veka har han vore på Kjenes, der han såg spett, og i Eikangervåg, kor han kom over bergender.

Den rutinerte karen ber folk vise omsyn.

– Ein bør vise varsemd når ein er ute i naturen, spesielt no som våren nærmar seg og det er hekketid for fuglane.