Kjørte utfor utan gyldig førarkort

Bilføraren som fredag ettermiddag kjørte utfor vegen og hamna på taket utfor Skarsvegen, fekk inndrege førarkortet sitt i haust.

Bilen stoppa i eit tre, men det var fare for at han skulle rulla vidare nedover. Foto: Adrian Villanger/Villanger Media

  • Ronny Bertelsen
  • Gunn Berit Wiik
Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

– Då fekk han også ein promilledom, fortel lensmann Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland lensmannsdistrikt.

Etter utforkjøringa fredag blir den 43 år gamle austeuropearen dermed meld for aktlaus kjøring og kjøring utan gyldig førarkort. No blir det opp til påtalemakta om mannen må møta i retten eller om han slepp unna med førelegg.

Det var klokka 16.50 politiet blei varsla om utforkjøringa i Alversund. Bilen låg då utfor vegen og hadde stoppa i eit tre. Naudetatane rykte ut og fekk konstatert at sjåføren framstod som uskadd.

Vegen blei stengt etter ulukka fordi det hadde komme ein stor stein i vegen.

Publisert:
  1. Alversund
  2. Trafikkulykker

Mest lest akkurat nå

  1. Då den herskapelege villaen kom for sal, var valet om å flytte enkelt

  2. – Dette er den beste badeplassen på øya!

  3. Råkøyrar tatt på E39 - skjønte fort kva som kom til å skje

  4. Fem personar testa positivt i Alver i helga

  5. – Alle kan ikkje bli nøgde, og det lev eg godt med

  6. Eg sette to kriteria for kleskjøpet, men dette skulle bli overraskande vanskeleg...