Det uvanleg tørre og fine vêret har alt ført til vatningsforbod og totalforbod mot å gjera opp eld i skog og mark i Nordhordland og i ei rekkje andre kommunar i Bergensområdet.

I dag (onsdag 20. mai) vart det innført endå eit forbod. Frå og med no og inntil det kjem nedbør av betydning har brannsjefane innført forbod mot skyting både på og utanfor utandørs skytebaner.

– Det kan høyrast litt voldsomt ut, men så tørt som det er no, tek me alle forholdsreglar. Begynner det å brenna no, så kan det få store konsekvensar, seier brannsjef Karl Johannes Romarheim i Lindås, Meland og Modalen brann og redning.

Han har fått nokre spørsmål om forbodet, og veit at ikkje er alle einige i at dette er nødvendig, men han seier at dei har gjort ei vurdering og følgjer med på kva andre kommunar gjer.

Romarheim fortel at det er innført liknande forbod på Bømlo og i fleire kommunar på Austlandet. Det er også skyttarlag ulike stader i landet som skulle ha arrangert stemner i helga, men som på eige initiativ har avlyst dette fordi dei veit at brannfaren er stor.

– Seinast på søndag hadde me ein episode der ein sigarettsneip, som truleg var kasta ut av eit bilvindauge, starta ein liten brann i graset ved hagesenteret på Eikanger. Det skal veldig lite til, seier han.

Informasjon om både dette forbodet, og andre forbod som er innført i varmen, finn du på kommunane sine nettsider.

Forbodet mot skyting gjeld i Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen.

Men også i Gulen er det avgrensingar på skytinga: