KONFERANSIER: Anita Lunde, leiar i Marås 4h leia haustfesten.
UNDERHALDNING: Pokemon Go-gjengen med eigen song.
SONG: 4H- songen er fast innslag på haustfesten
FORM OG FANTASI: Mange flotte utstillingar, mykje arbeid gjort gjennom eit heilt 4H år. Oppgåve «form og fantasi» nærast i biletet.
KREATIVT: Lyd og lys, Slekta mi, Sykling, mange gode prosjektoppgåver.
FLOTTE TEIKNINGAR: Lily May Farrow hadde valgt oppgåva «Dyr på Radøy», mange flotte teikningar.
MYKJE FOLK: Alltid fullt hus på Marås Grendahus når 4H har haustfest.

– Det kom så mykje folk , at eg gav vekk stolen min og stod heile kvelden, seier Anita Lunde.

Ho er leiar i 4H-klubben på Radøy.

Medlemmane i klubben er frå 10-16 år gamle. Dei vel seg ut forskjellige tema som dei vil jobba med, og så presenterer dei prosjekta sine og det dei har lært på ein stor fest ein gong i året.

– Mitt prosjekt i år var å vera arrangør. Eg visste at eg skulle vera med som arrangør på Ungdommens kulturmønstring, så det tok eg inn som ein del av prosjektet mitt og i tillegg så fekk eg med meg dei andre i styret i Marås 4H til å arrangera eit ball. Då var det mi oppgåve å organisera ting og fordela oppgåvene, seier Anita.

Då ho starta på prosjektet synest ho det var veldig skummelt å stå på ei scene å snakka til masse folk, men no har ho fått så mykje trening, at ho ikkje synest det var så vanskeleg å vera konferansier på avsluttingsfesten.

Dei som fann vegen til grendahuset på Marås søndag, fekk sjå mange flotte og kreative oppgåver frå medlemmene, og underhaldningsinnslag med både frå Pokemon Go, Svampebob, Knekkebrødsongen og Peder Ferjebillettør.

– Og så song me sjølvsagt 4H-songen alle saman, seier Anita. Medlemmene i Marås 4H kjem frå heile kommunen, og tilsaman har dei laga rundt 30 oppgåver om forskjellige tema dette året.