Bygginga av storindustri i Nordhordland er eit av dei viktigaste, mest kjende og mest omdiskuterte kapitla i norsk industrihistorie etter siste verdskrigen.

Det starta på 1960-talet med at nokre menn gjekk frå gard til gard for å skaffa tomt til eit aluminiumsverk.

Det var ikkje arbeid å få i regionen, og noko måtte gjerast for å snu mismotet og stagnasjonen som rådde.

Men at ei heil bygd skulle måtte vika for storindustrien, var det ingen som såg komma før rundt ti år seinare. Då måtte bygdefolket velja mellom pest og kolera.

FØR: Flyfoto av Mongstad frå 1970. Dette biletet viser det meste av Mongstad-bygda. Foto: Norsk Hydro
ETTER: Den første delen av raffineriet på Mongstad blei sett i drift våren 1975 då den første råolja kom inn. I 1980 såg det slik ut på Mongstad. Foto: Rafinor/Statoil 1980

Folketalet gjekk til dunders

På starten av 60-talet gjekk folketalet til dunders i alle dei lokale kommunane. Mange mellom 20 og 40 år flytta, og utgiftene til eldreomsorg var det doble av kva kommunar med tilsvarande folketal nærare Bergen hadde.

Nordhordland peika seg ut som eit distrikt med veikt næringsgrunnlag, stor fråflytting, lite fødselsoverskot og nedgang i talet arbeidsplassar. Gjennomsnittsinntekta var berre 67 prosent av landsgjennomsnittet.

Også Mongstad hadde blitt ein plass folk reiste frå.

Skulle ein bu på Mongstad, kunne ein jobba på hermetikkfabrikken som hadde sesong 1/3 av året, eller jobba på fiskebåt. Ein kunne også overta heimebruket når foreldra gav seg med drifta.

Men dei fleste ungdommane gjekk heller på skule i byn, fekk seg jobb der og blei verande.

Fire damer tek farvel med Badestranda seinsommaren i 1972. Frå v. Ingebjørg Mongstad, Karen Mongstad, Marta Slåstad og Emma Mongstad. Bak ser ein arbeid med ny veg. Foto: Atle Lervåg
Arve Mongstad på Badestranda. Foto: Atle Lervåg
Det er framleis litt att av den vidgjetne badestranda på Mongstad. Foto: Gunn Berit Wiik
Det var her Aslaug Sundsbø dyrka gulrøter heilt ned i fjøra. Foto: Gunn Berit Wiik

Fekk ikkje aluminiumsverk

Både Lindås og Austrheim kommune jobba iherdig med å få industrikonsern til å slå seg ned i området.

I 1961 stega folk rundt i landskapet og tok målingar. Det var snakk om bygging av eit aluminiumsverk.

Framtidshåpet byrja å blomstra, og folk såg det som positivt at det kunne komma industri til bygda, og at utmarka deira kunne gi industriarbeidsplassar medan dei kunne bu på gardane sine og i husa sine.

Mongstadbuarane såg positivt på naboskapen med industrien.

Men trass i den breie, 600 meter djupe og alltid isfrie innseglinga og dei gode hamneforholda på Mongstadneset, blei det våren 62 bestemt å byggja aluminiumsverket på Husnes i staden.

Dette blei eit stort nederlag.

Emma Mongstad og Marta Slåstad tek opp dei siste potetene. Foto: Atle Lervåg

Gav ikkje opp

Kva dei gjorde og kven som gjorde kva er uvisst. Men Austrheim-ordførar Samuel Leirvåg, Lindås-ordførar Olav Grov, lensmann og tiltakssjef Olav Jordal, stortingsrepresentant Sverre Helland (Sp), og fylkesmann Lars Leiro (Sp), heldt poteta varm så godt dei kunne.

Dei meinte Lindåsneset med sine 4000 mål utmark på ei stor, lyngkledd vidde som heller svakt mot fjorden, måtte vera perfekt for industriutbygging.

Og for å vera klare til andre som måtte visa interesse, sende kommunen på vårparten 1969, lensmann og tiltakssjef Olav Jordal og Lindås-ordførar Olav Grov, på dørene til grunneigarane i Mongstad-bygda for å få dei til å signera på at dei ville selja utmarka si til industri.

«Fabrikkgjentor». Frå venstre framme: Borghild, Emma og Ingeborg Mongstad. Dei andre er ukjende. Hermetikkfabrikken skulle uansett leggjast ned og flyttast til Andvik i 1972. Foto: Atle Lervåg
Her har dei fått ny tremaskin på hermetikkfabrikken teken i bruk. Frå venstre: Haldis Langøy, Anna Ulvøen, Annemor Mongstad og Erna Kaland. Foto: Olav Mongstad

Norsk Hydro kom på bana

No skulle det ikkje gå lenge før Norsk Hydro kom på bana. Akkurat kva dei skulle byggja var ikkje sagt, men optimismen kom tilbake.

Men lite visste verken lensmannen, ordføraren eller bygdefolket at Hydro hadde planar om å kjøpa innmarka også.

Dette kom først fram 20. juli 1970 då Norsk Hydro kalla inn til hastemøte i hermetikkfabrikken.

Der gjorde dei dresskledde herrane frå Hydro det klinkande klart at sjølve bygda også måtte gå med dersom dei skulle få industriplanane i hamn.

Ivar Mongstad riv løa. Foto: Atle Lervåg

Kom som eit sjokk

Dette kom som eit sjokk på mange Mongstad-buarar.

Å bu vidare på ein stad som skulle verta industristad var tøft. Ikkje visste dei kor tid dei måtte flytta og aller minst kor.

Samhaldet i Mongstad-bygda hadde alltid vore godt, med familiar som hadde vore naboar i generasjonar og hjelpt kvarandre som ein naturleg del av kvardagen.

Men etterkvart blei naboskapet sett på alvorleg prøve, og det danna seg tre grupperingar.

Ein hadde dei som var for å selja, både fordi dei kom til å få erstatning, og fordi dei ønskte viktige arbeidsplassar velkommen.

Så hadde ein dei som sa ja med tungt hjarte. Dei ville ikkje flytta frå gard og grunn, men såg kor viktig arbeidsplassane var.

Og så hadde ein sjølvsagt dei som var bittert imot, spesielt blant dei eldre.

Huset til Alfhild og Elias Mongstad halvvegs nedrive. Foto: Atle Lervåg
Huset til Sigurd Straume er borte. Tømmeret ligg klart til bortkøyring. Dei unge studerer restane. Frå Venstre: Arve Mongstad, Dagfinn Astrup, Roar Mongstad, Eli Mongstad og Egil Mongstad. Foto: Atle Leirvåg 1972

Sterke motsetnader

Dei personlege motsetnadane var sterke. Folk som tidlegare hadde stukke innom kvarandre for ein prat, snakka ikkje saman lenger.

Bergens Tidende omtalte det som tvangsflytting, og fleire mongstadbuarar hadde ei sterk kjensle av at kommunen sine eigne politikarar hadde mista kontrollen med heile industriutbygginga på Mongstad.

Valet stod om ei framtid bygd på ungdom og nye arbeidsplassar, eller forgubbing og avfolking.

Pest eller kolera

Dei fleste følte dei ikkje hadde noko val, og det hadde dei i grunnen ikkje heller.

For frå Hydro var talen klar: Anten flyttar de vekk og svært mange får arbeid. Elles så kan de bu her resten av livet, men då skapar ikkje Hydro ein einaste arbeidsplass i Nordhordland.

Dermed følte mange at dei bar heile Nordhordland sin lagnad på skuldrene.

Så hende det mange ikkje trudd kom til å henda: Folk skreiv under kontraktane og overlet eigedomane sine til kommunen – for å få ungdomen heim.

Til slutt motsette to fastbuande seg fråflytting.

Sju grunneigarar som til saman hadde 46 mål grunn, gjekk ikkje med på frivillig avtale om kjøp.

Borghild og Emma Mongstad ved siste flyttelasset. Foto: Atle Lervåg

Den store flyttedagen

Utpå hausten 1972 nærma flyttedagen seg.

Då hadde folk på Mongstad visst i to år at det ein dag var slutt. Dei fekk aldri meir sjå ut stoveglaset og sjå den velkjente utsikta.

Heller ikkje fekk dei sjå det velkjende bildet av Mongstadvågen eller Fensfjorden, eller dei majestetiske Masfjordfjella med Ådneburen i aust.

For siste gong hadde dei fortøydd båten etter fisketuren, kakka på døra til naboen og gitt han ei fiskehank til matauk.

I mai 2011 tok Strilen med seg «gulrotkjeringjæ» Aslaug Sundsbø tilbake til garden på Mongstad der ho og mannen Paul dyrka gulrøter og tidlegpoteter, og hadde ni kyr og frittgåande høner. Då hadde ho ikkje sett sine bein der sidan 1972. Foto: Gunn Berit Wiik (arkiv)

Ein kollektiv flyttesjau

Ein var i full gang med sprenging og planering. Folk såg bulldosarane komma nærmare og nærmare huset.

Enkelte hadde ordna seg med ny bustad, andre hadde utsett det praktiske. Det krydde av advokatar, journalistar, naturvernarar, politikarar og nyfikne folk.

Nesten på dagen to år etter det dramatiske møtet på hermetikkfabrikken, er bygda i ferd med å bli historisk.

Nikolai og Emelie flyttar. Bak til venstre svigersonen Ivar Husa. Barnebarna Rune og Ann Iren sit i flyttelasset. Foto: Atle Lervåg
Hermetikkfabrikken halvvegs nedriven. I 1894 stod Storebua ferdig etter fleire års byggetid. I oktober 1972 tok det berre éin dag før det meste av bua var nedriven. Foto: Atle Lervåg

Selde utmarka for éi krone kvadraten

Betalinga til den enkelte, skulle fastsetjast gjennom ei slags rettssak, det som heiter frivillig skjønn.

For utmarka fekk dei éi krone kvadraten, for dyrka mark fekk dei etter mykje om og men 4 kroner.

I same periode fekk ein 12–14 kroner kvadratmeteren for utmark i Knarvik, som nærast var audeland på denne tida. Men dette visste ikkje Mongstad-buarane då.

Då Austrheim eit par år seinare kjøpte opp nabogardane fekk dei to kroner kvadraten for utmarka.

Mongstad frå Litlåsfjellet. (Biletet er tatt omtrent der vi stod og såg ned mot raffineriet. Foto: Atle Lervåg
Mongstad frå Kvernhushaugen 17. mai 1972. Foto: Atle Lervåg

Tøft for dei med berre innmark

Sjølv med éi krone kvadratmeteren fekk den enkelte etter den tids standard store pengesummar, men kvadratmeterprisen var likevel låg.

Verdien på husa blei heller ikkje rekna etter kva det kosta å setja opp nye hus etter 1972-standard.

Folk fekk att verdien på husa dei hadde, som ofte var av eldre modell. Dei som ikkje hadde utmark, klarte berre så vidt å skrapa saman til nytt hus.

Prisane stod på ingen måte i stil med inflasjonen som skulle komma.

Å anka hjelpte ikkje.

Råoljetårnet er klart til montering. Familien Husa sitt hus framfor. Dette huset er det einaste som vart flytta og sett opp att om lag slik som det var. Foto: Atle Lervåg
Arbeidet har starta opp. Jorda i Rud vert fjerna. Foto: Atle Lervåg
Arbeid med veg til kai 5. Huset og løa til Sundsbø-familien står framleis. Foto: Atle Lervåg
Arbeidet med innslaget til dei store råoljehallane. Foto: Atle Lervåg

Til Hope og Lindås

Mange slo seg ned på Hope og kommunen strekte seg veldig langt for å godkjenna bygging for dei som fann seg nye tomter.

I kommunen hadde dei eigen kontaktperson for familiar frå Mongstad. Dei fleste heldt seg i Lindås. Nokre flytta heilt andre stader, men det var faktisk få som hamna i Austrheim.

At alle frå Mongstad hadde fortrinnsrett på jobb på Mongstad-anlegget, var sjølvsagt også positivt. Mange valde å takka ja.

Ein av ungdommane i bygda, Arvid Snekkevik, sa dette: No kunne han komma seg heim å få seg jobb. Og Arvid fekk seg jobb og hadde sitt arbeid på Mongstad til han gjekk av med pensjon.

Kjelder:

  • Mongstad, bygda som var, av Halldis Leirvåg, Ivar Steine, Jostein Areklett, Atle Leirvåg og Olav Mongstad.

  • Mongstad – frå utkantbygd til industristad, av Karl Kolstad.