Føremålet med messa er å syna kva Gulen og Masfjorden har å tilby arbeidsledige og andre som ynskjer ei endring. Her er både jobbar og bustader som ventar. Totalt 17 verksemder sto på stand og fortalte om seg og sitt, i tillegg til å gi tips om

Når det vart litt trongt i messeområdet, var det godt med høve til å ta ein kopp kaffi i pausen. Foto: Anja Fanebust

korleis ein skulle koma gjennom nålauget.

Det er andre gong Gulen og Masfjorden Utvikling saman med NAV arrangerer denne jobb— og bustadsmessa, og det er nok liten tvil blant arrangørane om at dette er eit arrangement som har kome for å bli. I år har dei utvida med mindre presentasjonar og øving på intervju ved å gjennomføra speedintervju med NAV.

Håpar på fast jobb

Kristoffer Nes syns det var flott med utvidinga, sjølv om det viktigaste for han var å prata med verksemdene. Særleg interessant

Daniel Kvernøy og Rune Håvåg kunne lokka med vakre bustadsområder. Foto: Anja Fanebust

synest han det var å snakka med sjønæringane og dei som rekrutterer elektrikarar, då det er desse områda som er mest relevante for han. Han har no vikarstilling, og syns det er kjekt å undersøke kva som kan by seg og få tips frå dei som kan dette best.

– Det er første gong eg er her på jobbmesse, og eg må seia at eg er positivt overraska, seier han med eit smil.

Positiv møteplass

Blant aktørane på stand var Eivindvik Bulyst, med Daniel Kvernøy og Rune Håvåg i spissen. Dei fortalde om og viste korleis tilhøva er for busetjing nordover i Gulen. Dei har både tomter og bustader ledige for den som måtte verta rekruttert på messa.

– Me har ei veldig positiv oppleving av å vera her, fortel dei.

Her fortell dagleg leiar i Gulen og Masfjorden Utvikling, Solveig Daae Kristiansen, om muligheitene i området. Foto: Anja Fanebust

Dei ønskjer å vera synlege og skapa ein positiv møteplass.– Det er andre gong me deltek, men det vert nok tradisjon, fortel dei.

Over 200 personar var innom messa. Det var i byrjinga tett mellom aktørane, men folk spreidde seg etter kvart til sitjeområda også. Atmosfæren var hyggje, med mulegheit for både ein prat over ein kaffi før øving på intervju hjå NAV – eller ein triveleg samtale med bedrifter som TESS, NorPost Folk, Østerbø Maskin, Slakteriet Brekke, Gulen kommune og andre.