– No grin eg!

Det seier ei kvinne i 60-åra frå Radøy, som laurdag var ei av to som fekk sju rette i Lotto. Ho vann heile 7.334.900 kroner.

– Hæ? No svimar eg nesten, seier den ferske millionæren til Norsk Tipping.

Ho fortel at ho hadde vore kjempefornøyd med ein million kroner, og at det ikkje er til å tru at ho no er over 7 millionar kroner rikare.

– Eg er nesten i sjokk. Dette er heilt fantastisk!

Dei sju tala hadde ho valt heilt tilfeldig. Vinnarkupongen blei kjøpt via spill-i-kasse.

I tillegg til kvinna frå Radøy, vann ei kvinne frå Skånland i Troms akkurat det same beløpet på laurdag.