Ein mann i 60-åra blei torsdag funnen i god behald i Stordalen etter å ha vore sakna sidan onsdag.

– Det er snakk om ein turgåar som ikkje har komme fram til avtalt tid. Difor sette me i gang søk med frivillige og redningshelikopter, seier Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Mannen blei funnen tidlegare i dag. Han fortalde at han komme over dårleg vêr og hadde difor tatt seg inn på nokre hytter.

– Redningshelikopteret gjorde observasjon av ein mann ved eit vatn i formiddag. Dei sende ned ein redningsmann, og då blei det klart at det var den sakna ein hadde funne. Dei tok han med seg i helikopteret, held operasjonsleiaren fram.