Dette spørsmålet frå ein Strilen-lesar viser seg å vera meir enn relevant.

Det skal innførast automatiske straummålarar i Norge, og mange av BKK sine kundar har fått montert nye målarar no i vinter.

Førre veke kunne straumselskapet melda at dei har registrert ein feil i kommunikasjonseininga på nokre av dei nye målarane, og at denne feilen gjer at målingane hopar seg opp og at systemet til slutt krasjar.

BKK har oversikt over kva målarar som ikkje sender inn informasjon. Dei kjem til å ta kontakt med kvar enkelt huseigar om dette, og senda ut folk som kan byta kommunikasjonskortet i målaren.

Men ein Strilen-lesar lurer på om også manglande mobildekning kan gjera det vanskeleg å få målarane til å fungera i ein del område, både her i Nordhordland og ellers i landet.

Krev målaren mobildekning?

Kvinna som bur i Austfjordvegen i Lindås har sjølv ein målar som ikkje fungerer.

Det er mobildekning der ho bur, men berre gjennom eit bestemt selskap. Og ho har naboar som ikkje har mobildekning i det heile.

– Eg har fått inntrykk av at målarane er avhenging av mobildekning. Er det slik, og kva gjer ein då i område som ikkje har dekning, spør ho.

Trine Husebye Reinkind i BKK seier at det er riktig at mobildekninga kan vera ei av fleire moglege forklaringar når straummålaren ikkje får til å senda inn målingane.

Ho fortel at BKK vil ta kontakt med alle som har straummålarar som ikkje fungerer, uansett kva årsaken er.

– Dersom me ikkje har kontakt med ein målar, så må me senda ut folk som kan finna ut kvifor. Det første dei gjer er å analysera om kommunikasjonseininga i målaren fungerer. Dersom det viser seg at den gjer det, men at målaren likevel ikkje sender inn informasjon, så undersøkjer me mobildekninga i området generelt. Visst dekninga er for dårleg, så ser me på mulegheiten for å oppnå kommunikasjon ved å montera ei antenne eller om mobilnettet i området er under oppgradering. Mobilnettet vert jo meir og meir utbygd, seier ho.

Skulle det visa seg at det ikkje er muleg å få kontakt med sendaren, så er neste steg at BKK søkjer om dispensasjon frå kravet om automatisk straummåling etter 1.1.2019.

Dei dette gjeld, vil mest sannsynleg måtta halda fram med manuelle målingar.

– Over heile landet vil det vera nokre område der det ikkje er mobildekning, seier ho.

Skal ordna opp

Når det gjeld feilen på målarane i område der mobildekinga er god, så forklarer Reinkind at det i dei fleste tilfeller skuldast feil i kommunikasjonseininga.

– I desse tilfella er det ingen ting i vegen med sjølve måleren. Den registrerer korrekte data om straumforbruket, men kommunikasjonskortet i målarane må bytast. Desse kundane vil inntil vidare få faktura basert på eit berekna forbruk. Når kommunikasjonseininga i målaren er oppgradert, så vil den senda frå seg korrekt informasjon om kunden sitt forbruk. Neste faktura blir då justert i tråd med det faktiske forbruket, får Strilen opplyst.

Her kan du lesa kva BKK sjølv skriv om feilen på målarane.