Anne Britt Hauge har jobba som kreftkoordinator i Nordhordland i snart fem år. Før var Fedje og Modalen òg med i samarbeidet, men no er det Alver kommune ho har ansvar for. Ho går med ein draum som kan vise seg å bety enormt mykje for alle som er ramma av ein kreftsjukdom. Foto: Anders Totland

Kreftkoordinatoren sin store draum

Kvart år får om lag 200 strilar i Alver beskjed om at dei har fått kreft. Bak dei er det hundrevis av pårørande.– Dei fleste eg treffer melder om ein tøff og krevjande kvardag, seier Alvers einaste kreftkoordinator.