Natt til laurdag 27. februar mista 62 år gamle Jarle Sanden livet i ei ulykke på fylkesveg 57.

– Vi veit at det er fleire som var i området den aktuelle natta, og vi har allereie fått mange telefonar frå vitne. Om det er fleire som kan ha sett noko, så ønsker vi at dei tar kontakt med politiet, seier lensmann Kjell Idar Vangberg i Nordhordland lensmannsdistrikt.

Han ber dei som har tips om å kontakte lensmannskontoret på telefon: 56 35 56 70.

Lensmannen fortel at dei gjerne vil høyre frå folk som har gått, eller køyrd bil, i Lindås-området på ulykkesnatta.

– Ta kontakt med politiet om du har sett ein person gåande i Kolåsfeltet, eller langs fylkesveg 57, i tidsrommet mellom klokka 01.30 og 02.30 natt til laurdag 27. februar, oppmodar Vangberg.