• Tips oss. Du når oss på desk@strilen.no og på Facebook.

  • Informasjonsline om koronaviruset: telefonnummer: 815 55 015.

  • Folk som trur dei kan være smitta, kan ringe fastlege eller legevakt på telefonnummer: 116 117.

  • Det er viktig at folk som trur dei kan vere smitta, ikkje møter opp hos legen, eller på legevakten, men blir heime og tar kontakt på telefon.

  • Oppdatert informasjon frå Folkehelseinstituttet finner du på denne lenken.

Siste innlegg

Har du tips eller spørsmål om dette emnet? Vi vil gjerne høre fra deg!

Send inn
NTB

Nav: 84.000 fleire arbeidslause siste veke

84.000 fleire har vorte registrert som heilt arbeidslause sidan tysdag førre veke, ein auke på 128 prosent, melder Nav. Kvinner blir ramma hardare enn menn.

Den viktigaste årsaka til auken er fleire permitterte, opplyser etaten på nettsidene sine. Talet på arbeidslause utgjer no 5,3 prosent av arbeidsstyrken. Til saman er det 164.000 personar som er heilt arbeidslause eller arbeidssøkjarar på tiltak.

– Norsk økonomi og den norske arbeidsmarknaden er inne i ei svært krevjande tid, og dette gir seg allereie utslag i permisjonar og sterk aukande arbeidsløyse. Slik situasjonen er no, ventar Nav at arbeidsløysa vil halde fram med å auke, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Av dei som har registrert seg som ledige, er det 46.000 kvinner og 38.000 menn. Kjønnsforskjellen heng saman med kva bransjar som blir ramma hardast av koronakrisa, påpeikar Nav. Innanfor reiseliv og transport har arbeidsløysa auka med 299 prosent, medan sørvisyrke har hatt ein auke på 223 prosent og butikk og sal ein auke på 171 prosent.

Koronakrisa fører til at arbeidsløysa aukar i heile landet. I Trøndelag har det auka mest, med 153 prosent, medan Vestland og Oslo er hakk i hæl med 152 prosents auke. Vestfold og Telemark har hatt minst auke, men har like fullt fått 96 prosent fleire ledige på ei veke.

Kristina Bøland

Ber folk i karantene halda seg unna apoteka

Ikkje kom på apoteket viss du er i karantene, er klarbeskjeden frå Apotek 1 i ei pressemelding dei kom med tysdag.

Dei ber om at du får nokon du kjenner til å dra i staden din eller at du tar i bruk nettapotek for å få medisinar levert på døra

NPK-NTB

Posten tek virusgrep for karantenefaste

Posten gjer det rimelegare å sende brev og småpakkar frå eiga postkasse under koronautbrotet.

Kundane slepp å betale ekstra for å sende brev og småpakkar frå si eiga postkasse. Tiltaket er meint som ei handsrekking for alle som er i heimekarantene, opplyser Posten i ei pressemelding tysdag.

No blir prisen for å sende brev og pakkar den same anten du sender heimanfrå, legg det i ei raud postkasse eller leverer det på eit postkontor.

NPK-NTB

208 nye Haukeland-tilsette i karantene

Tysdag melder Haukeland universitetssjukehus i Bergen om at 579 av om lag 12.800 tilsette ved sjukehuset er i koronakarantene.

Det er ein auke på 208 berre frå måndag, skriv TV 2.

– Vi er så rusta som vi kan vere på denne dagen. Vi gjer alt vi kan, seier sjukehusdirektør Eivind Hansen til TV 2.

Kyrre Styve

- Vurderer å opna skulane for dei eldste elevane

Helseminister Bent Høie (H) seier til NRK at det etter kvart kan bli aktuelt å opna skulane for elevar på vidaregåande skulane. Han legg vekt på at dei ser på dette for at avgangselevane skal kunna ta eksamen.

– Me må vurdera smitteforhold opp mot samfunnskonsekvensane, seier Høie.

Alle landets skular og utdanningsinstitusjonar vart stengt fredag. I utgangspunktet gjeld stenginga fram til 26. mars, men det kan bli forlenga.

NPK-NTB

FHI: 1.308 stadfesta koronasmitta i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 139 nye tilfelle av koronasmitte i Noreg. Det totale smittetalet er no oppe i 1.308, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI).

50 av dei smitta er innlagde på sjukehus, 15 av dei er eller har vore innlagde på intensivavdeling. Så langt er det varsla om tre dødsfall som følgje av pandemien. Alle dei døde er eldre personar.

Dagsrapporten frå FHI omfattar alle nye tilfelle som er varsla til utbrotsregisteret fram til midnatt natt til tysdag.

– Vi testar mange i Noreg, og det vil vi halde fram med. For å sikre dette er kapasiteten på laboratoria dobla, og det blir jobba med å sikre høg nok bemanning. Dei fleste som blir testa, er personar som høyrer til sårbare grupper og helsepersonell. Totalt har vi no testa 21.647 personar i Noreg, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.

Flest smitta finn ein i Viken (358), deretter følgjer Oslo (329 tilfelle), Rogaland (150) og Vestland (141).

– 423 tilfelle har vorte smitta i Noreg, 757 tilfelle har vorte smitta utanlands og for 128 er smittestad under avklaring. Av dei som er smitta i Noreg, har 275 vore i nærkontakt med eit kjent smittetilfelle, skriv FHI i rapporten.

NTB

Forskarar tror nedstengninga av Norge kan bli langvarig

Effekten av koronatiltaka vil først bli synleg om tidlegast to veker, seier smitteforsker Arnoldo Frigessi til Klassekampen. Han spår restriksjonar fram til slutten av mai.

– Den personlege oppfatninga mi er at vi kanskje må ha restriksjonar i to månader framover. Det viktigaste er å freista å halda talet på alvorlege sjuke på eit nivå som helsevesenet kan handtera, seier Frigessi, som er statistikar og professor ved Senter for biostatistikk og epidemiologi ved Universitetet i Oslo.

Professor Steinar Westin i sosialmedisin ved NTNU seier det er umogleg å seia kor lenge nedstengninga av Norge vil vara.

– Dei vedtaka som er gjort no, er for at styresmaktene skal få tid til å tenka seg om. Eg trur dette kan vara til langt ut på hausten. At vi bruker storslegga no og kjem i gang, er det einaste rette, seier Westin til Vårt Land.

Professor emeritus Dag Steiner Thelle ved Universitetet i Oslo seier til VG at Kina ser ut til å ha nådd toppen etter cirka tre månader.

– Ingen av oss veit når vi når toppen i Norge, men eg vil tippa at det vil byrja å dabba av ein gong i juni. Den største utfordringa er om det blir fleire smitta på sjukehusa. Klarar ein å trekka dette over eit år eller to, klarer sjukehusa det, seier Thelle

NTB

Store bøter for karantenebrot

Brot på karantenereglane skal straffast med store bøter. Bryt ein heimekarantenen, blir normalstraffa 20.000 kroner i bot.

I eit rundskriv opplyser Riksadvokaten at normalstraffa for brot på heimekarantene og isolasjon normalt skal straffast med 20.000 kroner i bot. Den subsidiære straffa er fengsel i 15 dagar.

Folk som bryt forbodet mot å vere på fritidseigedom i ein annan kommune enn heimkommunen, risikerer normalt 15.000 kroner i bot, subsidiært ti dagar i fengsel.

NPK/NTB

Semje om krisepakke for næringslivet

Alle partia på Stortinget er samde om krisepakke, opplyser ei sentral kjelde til NTB.

Partileiarane møttest til ein ny runde med forhandlingar måndag morgon klokka 8.15. Like før klokka 9 vart det klart at opposisjonspartia var samde om krisepakken.

– Det kjem til å gjere kvardagen litt mindre vanskeleg, seier Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum til TV 2.

Opposisjonen på Stortinget har vore opptekne av å betre stoda for dei som blir permitterte, slik at dei slepp ein brå reduksjon i inntekta. Også sjukepengar og omsorgspengar har vore ein del av diskusjonen, og dessutan situasjonen for sjølvstendig næringsdrivande.

Etter at krisepakkeforslaget vart presentert fredag, meinte ein samla opposisjon at regjeringa ikkje gjer nok for å verne om sjølvstendig næringsdrivande og andre som ikkje blir omfatta av permisjonsreglane.

No er det klart at permitterte får full lønn i minimum 20 dagar frå permisjon. Staten dekkjer frå dag 3 til dag 20.

Stortinget er òg samde om ny ordning som sikrar inntekt til frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande. Ordninga sikrar 80 prosent av gjennomsnittsinntekta for dei siste tre åra, avgrensa oppover til 6G.

NPK-NTB

Alle med symptom på akutt luftvegsinfeksjon bør halde seg heime

Folkehelseinstituttet har oppdatert råd til personar med symptom på akutt luftvegsinfeksjon: No bør dei halde seg heime.

Det gjeld òg lette symptom på forkjøling eller vondt i halsen, men dei fleste treng ikkje å testast for koronaviruset. Testane blir reserverte for sårbare grupper og helsepersonell.

Personar som har nærkontakt med personar som viser symptom, kan framleis gå på jobb og treng ikkje gå i karantene. Det gjeld òg helsepersonell.

Det blir likevel tilrådd frå Folkehelseinstituttet at dei må vere ekstra merksame, spesielt om dei sjølv skulle vise symptom.

Henrik Hauken

Haraldsplass utset operasjonar

Fleire planlagde operasjonar vert utsett på Haraldsplass sjukehus i Bergen frå måndag morgon. Administrerande direktør Kjerstin Fyllingen seier til NRK at dei må frigjera plass til pasientar med koronasmitte.

– Pasientane som no må venta, har tatt det fint, seier Fyllingen.

Henrik Hauken

Lege atvarar mot smitteringar

– Særdeles uklokt og uansvarlig.

Det meiner lege og kommentator Wasim Zahid, om at folk prøvar å bli smitta av koronaviruset.

– Du blir kanskje immun, men i prosessen kan du smitta fleire hundre andre, gjere ein del alvorleg sjuke og faktisk ta livet av enkelte, skriv Zahid i eit innlegg på Facebook.

Det var Nettavisen som først omtala saka.

Utgangspunktet var ein Twitter-melding, som fekk legen til å reagere.

«Hei, noen som vet hvordan man kan få viruset raskest mulig? Vil bare få det og bli immun», heit det i meldinga.

NTB

Mæland: Alle utlendingar utan opphaldsløyve blir bortviste

Av omsyn til folkehelsa har regjeringa vedteke å bortvise utlendingar utan opphaldsløyve i Noreg.

Ei ny forskrift trer i kraft måndag klokka 08.00, opplyste justisminister Monica Mæland (H) på ein pressekonferanse søndag.

– Alle som ikkje har ein god grunn til å reise til Noreg, vil bli viste bort, sa justisministeren.

Rammer turistar

Forskrifta vil i første rekke truleg ramme turistar i Noreg. EØS-borgarar, som rumenske tiggarar og utlendingar med opphaldsløyve i Noreg, vil ikkje omfattast av den nye regelen. Det vil heller ikkje utlendingar som søkar asyl i Noreg, eller personar som har eit særskilt omsorgsansvar for personar i Noreg eller av andre sterke velferdsomsyn bør få bli.

UDI og utanriksstasjonane skal frå no av ikkje skriveut visum anna enn i heilt særskilde tilfelle.

Ifølgje Mæland vil all frakt av varer gå som normalt.

– Flyplassar og grenseovergangar blir haldne opne for denne trafikken, seier ho.

– Vi vil òg halde oppe flygingar slik at folk skal kunne koma seg trygt heim, seier ho.

Forstår hyttefolket

Frå no av er det Justis- og beredskapsdepartementet som har det overordna ansvaret for handteringa av koronakrisa.

Mæland seier at ho forstår at folk syns det er vanskeleg å skjønne at dei ikkje lenger kan dra på hytta.

– Difor seier eg det no veldig tydeleg: Sjølv om du er frisk, kan du vere smittebærer. Hyttekommunane våre har ikkje kapasitet til å handtere mange sjuke, seier ho.

Statsminister Erna Solberg (H) oppmoda laurdag folk til å reise heim frå hyttene sine. Ho åtvara samtidig om at Sivilforsvaret kunne bli kalla inn for å oppsøkje folk og be dei om å reise heim.

Henrik Hauken

Facebookgruppe kjempar om full løn for dei i permisjon

Ei ny gruppe har starta på Facebook. De kjempar for at alle som no er permiterte skal få full lønn.

"Vi har alle full forståelse for de restriksjonene og innskrenkninger som skjer her i Norge nå under denne pandemien vi nå opplever i forbindelse med coronaviruset.

Men vi må gjøre alt innenfor de mulighetene vi innehar for at arbeidstakere ikke blir økonomisk skadelidende ved eventuelle permitteringer.Dette med å sikre lønninger/økonomiske inntekter for selvstendige næringsdrivende/freelancere/artister etc. er også noe vi som gruppe nå må stå sammen om.

Vi vil tro at vi i Norge vil være best tjent med at hverken arbeidstagere/arbeidsgivere/selvstendige næringsdrivende/freelancere/ artister m.fl ikke får unødvendige økonomiske belastninger i tiden fremover." står det på gruppa,

LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen seier regjeringa si økonomiske titakspakke er for dårleg. Han angrip spesielt ein ting.

– Det er urimeleg at arbeidstakarane skal ta rekninga når dei blir råka av konsekvensane av korona-tiltaka, ved at dei blir permitterte. Dei får to dagar på seg, så skal lønen kutteast med nesten 40 prosent. Det vil vi ikkje godta. Stortinget må samle seg om at dei skal motta full løn i den første perioden på 15 dagar, sier Gabrielsen til VG.

Anders Totland

Utsett EU-kontroll

Har du frist for EU-kontroll mellom 13. mars og 30. april?

Da får du utsatt fristen din med to måneder på grunn av restriksjonene i forbindelse korona-situasjonen, melder Statens vegvesen søndag 15. mars.

Henrik Hauken

Røde Kors lanserer koronavettreglar

Røde Kors lanserte søndag sine koronavettreglar. Reglane er utarbeida i tråd med helsemyndigheitenes tilrådninger og det internasjonale Røde Kors sine råd for psykososial krisehjelp.

Dette er dei ni koronavettreglane frå Røde Kors:

  • Følgj myndigheitenes råd, og hugs at råda kan bli endra på kort varsel. Bruk berre sikre kilde for informasjon om viruset og sjukdommen, sjekk helsenorge.no.
  • Vår oppførsel kan redde liv. Ta ansvar for å unngå smittesprediing. Ver nøye med handhygiene og hald minst ein meter avstand frå andre menneske. Respekter regla for karantene.
  • Aksepter eigne og andre sine kjensle. Vi reagerer ulikt i stressa situasjoner. Det er normalt å føle seg trist, lei, forvirra, bekymra eller sint under ein krise.
  • Ikkje bruk alkohol eller andre rusmidler for å takle ein stressa situasjon. Handter kjenslene dine på ein sunn måte.
  • Kontakt vener og familie på telefon, epost eller sosiale medie, viss du ikkje kan vere i kontakt med dei fysisk.
  • Vis omsorg og ta spesielt kontakt med dei du tror er einsame. Ikkje gå på besøk til nokon som er i karantene eller isolasjon.
  • Viruset kan ramme alle. Du må ikkje bidra til at frykt, så viruset fører til stigmatisering av enkeltmenneske eller grupper.
  • Ta vare på deg sjølv. Et sunt, ver i aktivitet og få nok søvn, også om du jobber heime eller er i karantene. Gje deg tid til å koble av med film, bøker eller anna. Ikkje bruk all tid på å følgje med på sjukdomsnyheiter.
  • Ikkje set deg sjølv eller andre i ein situasjon kor de treng hjelp frå helse- eller beredskapsressurser utanfor eige heim. Ikkje dra på hytta eller annan reise. Det kan spre smitte og overbelaste lokal beredskap og helsetilbod.
Henrik Hauken/NTB

Statsministeren skal halde pressekonferanse for barn

Måndag vil statsminister Erna Solberg (H), barneminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og kunnskapsminister Guri Melby (V) ha ein pressekonferanse for barn.

– Mange barn har spørsmål om koronaviruset. Difor arrangerer regjeringa, i samarbeid med NRK Supernytt og Aftenposten Jr, ein eigen pressekonferanse for barn, skriver regjeringen i ei pressemelding.

Dei tre ministranre svarar på spørsmål sendt inn til NRK Supernytt og Aftenposten Junior.

Pressekonferansen går måndag klokka 10.30.

NTB

UD frårår reiser til alle land – ber reisande nordmenn koma heim

Utanriksdepartementet frårår alle reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land. Nordmenn på reise i utlandet blir bedne om å vurdere snarleg heimreise.

– Vi har teke denne avgjerda basert på at situasjonen endrar seg frå time til time. Stadig fleire land stenger grensene og innfører karantenetiltak, medan det stadig blir kansellert fleire flyavgangar, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide til NTB.

UD oppmodar òg alle norske borgarar som er på reise i utlandet, til å vurdere å reise heim tilbake til Noreg så fort som mogleg.

– Restriksjonane frå andre land skjer så raskt at det er svært viktig å koma med denne frarådinga no, seier Søreide, som legg til at ei slik fraråding er den sterkaste oppfordringa UD kan gi og at eit totalt forbod dermed ikkje er aktuelt.

– Vi har svært avgrensa moglegheit til å hjelpe nordmenn som blir sette i karantene i utlandet, seier ho.

TUI stansar alle reiser

På bakgrunn av UDs reiseråd har no reiseselskapet TUI stansa all trafikk frå Noreg. Dei seier at alle dei norske kundane deira på reise vil få koma heim som planlagt, dersom ikkje anna er kommunisert.

– Dersom du har ei reise med oss dei neste fire vekene, vil vi prøve å finne gode reisealternativ til deg. Du vil få tilbod om endring eller avbestilling, skriv TUI i ei melding til kundane sine.

Tyrkia har stansa alle flygingane sine til Noreg, og frå før har det ungarske lågprisselskapet Wizz Air gjort det same.

– Nordmenn på reise i utlandet må i samråd med flyselskap og reisearrangør finne ei løysing for å komme seg heim dersom flyavgangen heim er kansellert, påpeikar utanriksministeren.

Ho understrekar samtidig at nordmenn som bur fast i utlandet, bør bli verande der dei er.

Stengde grenser

Fleire land, mellom dei Danmark, har stengt grensene sine som eit tiltak for å hindre ytterlegare smitte av koronaviruset. Laurdag stengde Russland grensa til Noreg, ifølgje NRK.

Fleire har teke til orde for at Noreg òg bør stenge grensene, mellom dei byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen (Ap).

– Det er ei vurdering som justisstyresmaktene og regjeringa må gjere. Vi er no oppteke av å gi norske reisande ei så god rettleiing som mogleg og forhindre at dei reiser ut i denne uoversiktlege situasjonen, seier utanriksministeren.

Kan bli utvida

UDs fraråding gjeld i første omgang til og med tysdag 14. april.

– Dette rådet gjeld til over påske, men det kan bli aktuelt å forlenge det dersom situasjonen framleis er like usikker og dersom det blir innført ytterlegare restriksjonar, seier Søreide.

Laurdag vart det klart at Russland stenger grensa til Noreg og Polen for utanlandske statsborgarar for å unngå spreiing av koronaviruset.

I ei kunngjering frå statsminister Mikhail Misjustin heiter det at stengninga av landegrensene gjeld frå midnatt natt til søndag og omfattar alle utlendingar anten dei reiser av private eller profesjonelle grunnar, eller for studiar eller turisme.

NTB

FHI: 1.077 personar smitta av koronaviruset

Det er no totalt 1.077 stadfesta tilfelle av koronasmitte i Noreg, opplyser Folkehelseinstituttet (FHI). Førre rapport viste 907 tilfelle.

FHIs dagsrapport omfattar alle nye tilfelle meldt fram til midnatt dagen før.

Rapporten på søndag viser mellom anna at gjennomsnittsalderen for tilfella er rett i underkant av 46 år (45,9). Litt under to tredelar av dei smitta er menn.

287 av dei 1.077 smitta har vorte smitta i Noreg. 710 har vorte smitta utanlands, der flesteparten er frå Austerrike (491) og Italia (144), viser tala frå FHI.

Det er flest koronasmittede i Oslo kommune (281), med Viken like bak (278).

Det fylka med færrast tilfelle er Nordland, som førebels berre har åtte tilfelle. Der er det ingen nye stadfesta tilfelle det siste døgnet.

Det er til no stadfesta tre dødsfall i Noreg som følgje av viruset.

NTB

Tide innstiller fly- og ekspressbusser

Manglande etterspørsel fører til at Tide no innstiller ei rekke bussruter. Samtidig sender kollektivselskapet ut permisjonsvarsel til sine tilsette.

Korona-utbrotet har medført ein betydeleg nedgang i passasjertalet, og Tide innstiller derfor flybusstilbudet både i Bergen, Haugesund og Bardufoss.

Også Sognefjordekspressen blir innstilt, og dessutan vil fleire av ekspressbussene til selskapet frå Vestlandet til Oslo og Trondheim reduserer rutefrekvensen kraftig.

Også transportselskapet Boreal innstiller flybussane i Kristiansand, Sandnes og i Kirkenes. Andre fly- og ekspressbussar blir køyrt med færre avgangar.