Klokka 13.04 melde politiet om brann i ein tomannsbustad i Vardane i Hillandsfeltet i Alversund.

Brannen er sløkt

– Meldinga kom inn klokka 12.57. Vi var framme klokka 13.05 og 13.08 gjekk vi inn med røykdykkarar, seier vaktkommandør Morten Frantzen hos 110 Hordaland.

Det vart meldt om kraftig røykutvikling frå andre etasje i huset og røykdykkarar gjekk straks inn i huset.

Klokka 13.32 melde brannvesenet at brannen var sløkt.

Det er fem personar registrert på adressa, men det er ikkje gjort kjent kor mange som var heime då brannen braut ut. Det var heller ikkje meldt om skadde.

Strilen sin journalist melde at brannvesenet hadde folk på altanen og i stige opp til andre etasje då han kom til staden.

– Det kom røyk ut frå både første og andre etasje. Men no ser det ut som dei begynner å få kontroll, melde journalisten rundt klokka 13.30.

Kort veg

Frå Ikenberget, kor brannvesenet heldt til, er det kring tre kilometer til Vardane.

Alle nødetatar rykte ut til staden. Ifølge BT blei det også sendt ein liftbil med høg stige frå Åsane.

I etterkant blei det gjort ettersløkking og restverdiredning.

Kjell Arne Steinsvik Foto: Kjell Arne Steinsvik