Illustrasjonsfoto Foto: Gunn Berit Wiik Berg

Oppedal kjenner til Fensfjordbygg sitt tilbod om å få leiga lokale til ambulansen der, men han ser ikkje det som eit godt alternativ.

Han seier at det er stor semje om at Dalsøyra er beste staden å plassera ambulansen, og grunngir det med at ambulansen då har omtrent lik utrykkingstid til sjukeheimen både i Eivindvik og på Hosteland.

– Ambulansen har mange oppdrag på sjukeheimane. Frå Dalsøyra brukar ambulansen ca. 30 minutt til begge sjukeheimane. Flyttar du ambulansen til Hosteland, berre nokre få minutt frå sjukeheimen der, så vil ambulansen bruka rundt ein time til Eivindvik. Det er for mykje, seier Oppedal.

At ein stasjon på Dalsøyra lettare kan bli offer for sentralisering, trur han ikkje på.

– Stasjonen på Dalsøyra vert ikkje liggjande åleine. Han skal samlokaliserast med brannstasjonen og PU-bustadar, seier Oppedal.

Sidan dei to kommunane og Helse Vest er samde om plasseringa, har han ingen tru på at det blir aktuelt å flytta.

– Eg har respekt for at utbyggarane på Hosteland vil fylla opp bygget og gjera det attraktivt. Det er greitt at dei kjem med tilbodet, men når det i utgangspunktet er semje om lokaliseringa, så trur eg ikkje me gjer lurt i å begynna ein ny ambulansedebatt. Spesielt ikkje når me ser kva dei slit med i Lavik no, avsluttar Oppedal.