Den omkomne er Jan Robert Hopsdal Nepstad frå Lindås kommune.

MC-føraren mista livet då han torsdag morgon køyrde i autovernet ved Gjervik bru på E39 i Lindås.

Namnet er frigitt i samråd med dei pårørande.

Ulykka blir etterforska av Nordhordland lensmannsdistrikt.

Lensmann Kjell-Idar Vangberg fortel at mannen mista kontrollen på sykkelen og hamna i autovernet då han svinga inn mellom to bilar og det kom ein imot.

Både politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen gjorde undersøkingar på ulykkesstaden same dagen. Politiet skal også gjera tekniske undersøkingar av motorsykkelen og gjera nokre avhøyr i saka.