Det melder NRK Sogn og fjordane.

NRK har snakka med fleire fortvila innbyggjarar på Høyanger si sørside, som opplever det som problematisk at vegen stengjer så tidleg.

Mange av dei nyttar vegen frå Bjordal om Stordalen og til Matre å komma seg inn på E39. Når vegen er stengt må dei køyra rundt. Det tek ein halv time ekstra.

Det er vanleg at vegen er vinterstengt, men det er ikkje vanleg at den stengjer før snøen kjem.

Dina Lefdal i fylkeskommunen seier til NRK at vedtaket om å vinterstenge vegen vart gjort alt i 2017. Grunnlaget for avgjersla er økonomiske innsparingar.

Det er berre vegstrekninga mellom Stordalen og Bjordal som er vinterstengt. Strekninga Stordalen-Matre skal framleis vera open.