Laurdag 2. mai kl 1500 blei Vest politidistrikt varsla om at ein mann var funne død i fjøresteinane ved Kvigesundsholmane, Gulen kommune.

Det melder Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Den avdøde er ikkje formelt identifisert enno.

– Det er grunn til å tru at det er mannen som blei meldt sakna etter drukningsulykka i Gulen tidlegare i veka, skriv politiet søndag.

– Alderen og kleda den avdøde hadde på seg, svarer til personen som er sakna, utdjupar lensmann Kjell Idar Vangberg.

Ein privatperson fann mannen litt utanfor området der politiet søkte etter han.

Dei pårørande er varsla, men ønskjer ikkje at politiet frigir namnet på avdøde i dag. Politiet opplyser at den døde vil bli obdusert måndag. Då vil dei få meir svar på kva som kan ha vore årsaka til dødsfallet.