Det seier butikksjef Karoline Kvalvåg Kolstad i Extra Manger. Omsetnaden for Coop-butikken på Manger enda på heile 65,7 millionar kroner.

– Dette er ein milepæl for oss. Vi jobbar knallhardt kvar dag for å gi kundane, som også er medeigarane våre, den beste handleopplevinga. Vi sender ein stor takk til alle dei som valde å handle hos oss i fjor, seier Kolstad i ei pressemelding.

Ny kvardag

Då koronaviruset kom, og landet stengde ned 12. mars i fjor, hadde dei inga aning om korleis tida framover kom til å bli.

– Særleg mars og april var nokre hektiske månader med kundar som hamstra alt frå toalettpapir og såpe til gjær og hermetikk. Samstundes kom nye ekstraordinære hygienerutinar som framleis er gjeldande i butikken, fortel Kolstad.

Ho legg til at både dei tilsette og kundane, sakte, men sikkert, har vant seg til den nye kvardagen.

– Eg synest vi saman har gjort ein god jobb med å følge alle smitteverntiltak og vise omsyn til kvarandre, seier Kolstad.

God jul

Daglegvarebransjen generelt har opplevd kraftig vekst under koronapandemien.

Extra Manger hadde ein auke i omsetnaden på 17 prosent i fjor samanlikna med 2019. Det kjem fram i ei pressemelding frå Coop Norge SA.

Julehandelen på Extra Manger blei òg rekordstor, og omsetnaden i desember enda på 6,5 millionar kroner.

– 2020 har verkeleg gått over all forventning. No tek vi med oss den gode stemninga inn i det nye året, seier butikksjef Kolstad.

Foto: Privat

Gode tal også for Rema

Også «naboen» Rema 1000 Manger kan vise til auke i omsetnaden 2020.

– Økonomisk sett har det vore eit veldig bra år, seier Rema-kjøpmannen Tore Lie Nesse, og legg til at butikken har hatt 13 prosent auke i omsetnaden i 2020.

Koronaåret starta ikkje all verdas for Rema-butikken. Påske er normalt sett god butikk, og var eit satsingsområde for Rema 1000 Manger, sidan den kom seint i 2020.

– Det låg an til tidenes beste påske, sidan folk med ein sein påske kan bruke hyttene sine ved sjøen. Så det tapte me stort på.

Rema 1000 Manger ligg sentralt til på Manger, to steinkast frå konkurrenten Extra. Foto: Google street view/skjermbilde

Det tok dei derimot inn igjen om sommaren, og sidan har det gått slag i slag for Rema 1000 Manger.

– I tillegg til ein god sommar, har jula vore bra. Her hadde me ein omsetnad på 5,6 millionar, seier Rema-kjøpmannen, som følgjer opp med skryt til kundane sine;

– Det har vore eit annleisår, men dei fleste kundane våre har vore flinke med å vise omsyn og bruke munnbind. Det skal dei ha honnør for, så får me alle vere med på den felles dugnaden slik at me kjem gjennom dette også i 2021.