Ein bilist hamna utfor vegen på Alverflaten i Lindås kommune laurdag formiddag.

Det vart meldt om mindre materielle skadar, medan mannen (65) som køyrde bilen melde seg oppegående, men litt kvalm i etterkant.

– Han var mest uvel og i sjokk, og fekk ein liten smell i høgrefoten. Han var ute av bilen då naudetatene kom til staden. Han er sendt til legevakt for sjekk, sa vaktoperatør Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Bilen skal ha kryssa over motgående felt i 60-sona og hamna i fjellveggen.

– Bilen fekk seg ein støyt i fronten, og den vert henta av bilbergar, seier Kolltveit.

Politiet meiner årsaka til hendinga truleg er relatert til sjukdom og at det ikkje skal ha vore mistanke om rus. Rutinemessig er førarkortet beslaglagt.