Front-mot-front i Ådlandsvegen

To bilar krasja i kvarandre i Meland søndags kveld.

Publisert:

SMELL: To bilar støytte saman ved Gaustad i Meland. Foto: Privat

  • Anne-Lise Nordpoll
  • Erlend Nordland Kristiansen
Denne artikkelen er over ett år gammel

Naudetatane fekk melding om trafikkulykka i Ådlandsvegen i 18.30-tida søndag.

110-sentralen melde tidleg om at det var ein front-mot-front-kollisjon, men av den mindre alvorlege sorten. Alle involverte skal tidleg ha komme seg ut av kjøretøya.

Hendinga skjedde i nærleiken av Gaustad, og alle naudetatar rykte ut på meldinga. Éin person skal ha blitt tatt med til legevakt.

– Det er to bilar som er kjørt i kvarandre på ein bakketopp. Det skal ikkje ha vore stor fart, den eine av bilane skal ha stått nesten stille. Me er på veg tilbake no, opplyser 110-sentralen i Bergen klokka 19.20.

Rundt klokka 19.15 er vegen igjen opna. Den eine bilen klarte ein å rygga ut av vegbana, medan den andre bilen etter sigande skal ha blitt løfta ut av vegbana av ti personar som var på staden.

Bergingsbil blei også rekvirert.

Den eine bilføraren fekk førarkortet inndrege.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. «Etter at skysstasjonen ble lagt ned har man gjort noen rare grep»

  2. Sjå stor bildeserie frå Havglede

  3. – No er det Vestlandet sin tur

  4. – Du stel ikkje korset på ein bårebil

  5. Her er dine nye naboar i Austrheim

  6. Innbrot i bil, biltjuveri og forsøk på å stele motorsykkel

  1. Trafikkulykker