– Eg har fått spørsmål om eg har fått meg ein politisk rådgjevar, smiler Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Sidan september har Tedros Haile (24) vore med ordføraren på jobb to dagar i veka.

– Eg er glad for å få vere med henne på jobb. Ho er ei hyggeleg dame, seier Tedros.

Han har berre vore i Norge i eit år, men er alt ganske stødig i språket.

Språkøyre

Å få jobba på ordførarens kontor, medfører nokre privilegium. Etter at Strilen møter dei to skal han og Aarhus Byrknes til Bergen og kjøre ein førarlaus buss saman med statsministar Erna Solberg. Frå før av har han møtt landbruksminister Jan Georg Dale. Ordføraren vedgår at språkpraksisen blir litt prega av politisk terminologi.

– Eg brukar ordet «drifta», men då eg skulle forklare Tedros kva eg meinte, var det litt vanskeleg. Eg seier jo at vi driftar skulen og sjukeheimen. Det enda med at han forklarte til meg, seier ho og ler.

Alle ord som han lærer noterer han i ei notatbok han har med seg. Og står han fast, sjekkar han oversettinga på Google translate.

– Tedros har eit godt språkøyre. Han er ganske god i engelsk, og det har nok litt å seie for at han lært seg norsk så fort.

Klokka har så vidt bikka ni på morgonen, men Tedros har allereie lært seg fleire nye ord som han har notert i boka. «Stolt» er eitt av dei.

– Då du presenterte deg sjølv for Regionsrådet, var eg stolt av deg, seier ordføraren.

Tedros må stort sett henge med på timeplanen til Astrid, men dei pratar alltid om det dei har opplevd.

Gi og ta

Tre dagar i veka er han på vaksenopplæringa. I desember er han ferdig i praksisen hos Astrid, og til neste år skal han ha arbeidspraksis.

– I fire år jobba eg som arkitekt i heimlandet mitt Eritrea.

Tedros budde først på mottak i Steinkjer, før han no fekk seg ein leilegheit saman med ein kompis på Hundvin.

– Han er også frå Eritrea, men me blei kjent på vaksenopplæringa, fortel han.

Det er ikkje berre Tedros som lærer av ordføraren. Astrid har lært mykje av Tedros òg.

– Eg får meir enn eg gir, meiner ho.

Bilmekanikar

Den tidligare arkitekten kom som politisk flyktning frå Eritrea. Han kan ikkje reise tilbake til heimlandet, og er no fast busett på Hundvin.

Å jobbe som arkitekt er ikkje lenger draumen. No vil han bli bilmekanikar.

– Eg håpar å få begynne på skulen til neste år. Faren min var bilmekanikar, og då eg var liten fekk av vere med å skru litt, seier han.

Astrid håpar at Tedros får seg ein jobb hos ein bilmekanikar når han skal ha arbeidspraksis.

– Eg har sagt til rådmannen at eg vil ha ein ny elev på språkpraksis til neste år. Eg ønskjer å vere eit forbilde for andre. Vi manglar språkpraksisplassar.