GLADE ALGAR: Grøne algar er glade algar, forklarar Dorinde Kleinegris, som jobbar på algepiloten.
GLAD: Svein Nordvik, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag, kan smila no som algepiloten er opna.
NÆRASTE NABOAR: Algepiloten til CO2Bio er næraste nabo med TCM.
VENTAR PÅ SOLA: Inne i drivhuset ventar algane på at regnet skal gje seg, medan dei trøystar seg med kunstig lys.
LAKSEMAT: Inni desse røyra veks det laksefôr.
SMAKSPRØVAR: Den som våga kunne smaka på Omega3-rike algar.

I eit drivhus like utanfor gjerdet til Mongstad-raffineriet ligg den såkalla algepiloten. Eller rettare sagt så vert algane pumpa rundt i høg fart, i dette drivhuset er tilveksten så god at ein kan hausta dagleg. Og det betyr mykje Omega3, veldig mykje faktisk. Det er nemleg i algane at dette finnest, og det må mykje algar til før det kjem oppover i næringskjeda og endar i fisken du har på middagsbordet.

– Frå 500.000 kilo planteplanton treng det ikkje verta meir enn 10 kilo torsk, forklarar Hans Kleivdal, som er førsteamanuensis II ved Universitetet i Bergen, og forskingsdirektør ved Uni Research.

Kleivdal er ein av dei som er sentrale i arbeidet bak selskapet CO2Bio sitt anlegg, som tysdag vart opna av næringsminister Monica Mæland. Håpet er at dette pilotanlegget skal visa at det er mogleg å gå direkte frå algar til fiskefôr, og ikkje via fangst av villfisk og framstilling av fiskeolje som vert blanda i fôret. Klarer dei det, kan det komma eit større anlegg i neste omgang.

– Det typiske er å gå frå eit pilotanlegg og til eit demonstrasjonsanlegg som er 5-10 gonger større. Men kva som skjer vidare kjem sjølvsagt an på resultata me får her, at kan forsvarast utifrå økonomi og bærekraft.

Doblar seg dagleg

– Under dei rette tilhøva så kan algane dobla seg fleire gonger for dagen, seier Dorinde Kleinegris, som er henta inn frå eit algeanlegg i Nederland for å jobba med forskingsprosjektet på Mongstad.

Tysdag var ho på plass for å forklara pressefolk og prominente gjester kva algedyrking eigentleg er. Når kakene er etne og feststemninga har lagt seg startar jobben med å finpussa den rette algeproduksjonen. Mellom anna skal algar frå Svalbard testast ut på Mongstad.

– Her har me fire ulike anlegg, og kan prøva ut ulike algetypar parallelt, seier Kleinegris, og legg til at det er ein handfull algestammer som skal testast ut i første omgang.

Eit nett av glasrøyr er kopla saman med pumpeanlegg og tank, og algane får tilført næringsstoff og CO2 for å veksa.

– Det kan haustast på ulike sett, anten ved å ta ut litt kvar dag, eller å ta ut ganske mykje litt sjeldnare, seier Kleinegris, som har jobba ved algedyrkingsanlegget i Wageningen i Nederland.

Litt som ein gjærkultur vil algane raskt veksa seg opp att.

Trivselsfarge

Algar burde vera på logoen til Miljøpartiet dei grøne. I all fal den stammen som er i røyra på Mongstad no, for den har grøn som trivselsfarge.

– No er algane «happy», det kan ein sjå på fargen. Om dei vert stressa, så endrar fargen seg, forklarer Kleinegris.

Ved hausting vert algane sentrifugerte for å få ut vatnet, og så frys ein dei ned. Når det er samla opp tilstrekkeleg mengde, vert det sendt til ein fiskefôrprodusent, som får jobben med å prøva ut korleis produktet kan tilsetjast pelletsen som laks og aure får til frukost, middag og kvelds.

– I teorien kan ein bruka fiskeavfall til å fora algane med, slik at dette vert som eit kretslaup, forklarar algeeksperten Kleinegris.

Juksar litt

Algedyrkarane gjer litt som TV-kokkane, dei juksar litt. Det må ein nesten med drivhusproduksjon i ein landsdel som er grå frå oktober til mars. Det som skjer tilsvarar fotosyntesen, berre under vatn, og skal algane veksa også på regnversdagar må det på plass lyskastarar av kraftigaste sort når regnet plaskar på glastaket.

– På universitetet jobbar me gjerne med forsking, men her vil me prøva å tetta gapet mellom forskinga og industrien. seier Hans Kleivdal.

Universitetet i Bergen er inne med 6,1 millionar kroner av dei 18,1 millionar kronene der har kosta å reisa drivhusbygningen og tilhøyrande laboratorium. Dei andre partane som er med på finansieringa er Fiskeri— og havbruksnæringens Forskingsfond (FHF) med 3 millionar, Staten med 6 millionar, Hordaland Fylkeskommune med 2 millionar og Regionrådet for Nordhordland med 1 million. I tillegg har Lindås kommune og Sparebanken vest støtta enkeltdelar til laben, og så har sjølvsagt Nordhordland Næringslag som tok initiativet til anlegget lagt ned mange timar for å få dette til.

Nasjonalt anlegg

– Det er ei god oppleving å sjå at anlegget er på plass, som eit nasjonal testanlegg for dyrking av mikroalgar, seier Svein M. Nordvik, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag.

Det heile starta som ein tankeprosess etter at NGIR sitt renovasjonsanlegg skulle slutta å deponera avfallet, og heller senda det til Sverige der strilebosset var ein ressurs i svenske forbrenningsanlegg. Samstundes skulle det byggast eit testanlegg på Mongstad for fangst av CO2, også det eit avfallsstoff.

– I styret i laget kom så tanken opp, kan ikkje også CO2 vera ein ressurs, seier Nordvik.

Etter kvart kom han i kontakt med Hans Kleivdal som jobba med bioteknologi og forsking på mikroalgar, og nokre år etter står no algane og boblar i røyra.

– Drifta av anlegget er no sikra i tre år framover, ved hjelp av 12 millionar kroner frå sjømatnæringa gjennom NCE Seafood Innovation Cluster, frå Innovasjon Norge og frå CO2Bio, seier Nordvik.

CO2Bio er eigd av Marine Harvest, Lerøy Seafood, EWOS, Salmon Group, Grieg Seafood, Uni Research, Bergen Teknologioverføring og Nordhordland Næringslag. For algepiloten har store konkurrerande selskap klart å samla seg, elles konkurrerer dei men om dette forsøket er det altså samarbeid.

– Jobbar saman

Mellom innleiarane under opninga var Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen.

– Eg er begeistra over at forsking og næringsliv kan samarbeida på den måten som me ser her. Når ein tillegg veit at CO2-utslepp er ei stor global utfordring, er det bra at det her kan brukast som ein ressurs.

Olsen peikar på at utnytting av havet og ressursane der er viktig for å skaffa mat nok til alle.

– Skal ein klara å brødfø verda, må ein nytta havet betre, seier Olsen.

To frå starten

I utgangspunktet vil det berre krevja ein til to operatørar å kjøra anlegget på Mongstad, og det kan fjernstyrast via nettet. Men på sikt kan dette verta ei næring, og mulegheitene for nye arbeidsplassar var sjølvsagt noko næringsminister Monica Mæland var inne på i si helsing.

– Landet står framfor eit grønt skifte, der me må satsa på andre arbeidsplassar enn olje og gass, sa minister Mæland, som også peika på at nettopp den norske teknologien innan olje- og gassnæringa kan gje eit forsprang i dyrkinga av havet.

– Noreg har seks gonger meir hav enn land, og eg trur det kan gje verdiskaping og nye arbeidsplassar. Får ein til dette med omega 3-rikt fiskefôr frå algar, kan ein legga til rette for berekraftig vekst i oppdrettsnæringa, sa Mæland.

Lukkast ein med pilotanlegget kan ministeren kanskje koma tilbake om nokre år og opna eit nytt og større anlegg. CO2 er det i alle fall nok av på Mongstad.