På den måten vil ikkje kommunen berre få seg eit nytt tiltrengt kommunehus, men vera med på å byggja opp under aktivitet i sentrum utan å yta noko form for økonomisk støtte til næringslivsaktørar, skriv Fedje sin nye rådmann Ingebjørg Vamråk i forslaget til økonomiplan for 2017 — 2020. LES OGSÅ:

Dei siste åra er det blitt gjort ein iherdig innsats både av næringslivet og frivillige for å skapa eit levande sentrum ved ferjekaien på Steinborg slik det var i gamledagar. Målet er å skapa folkevekst og arbeidsplassar, noko som også vil vera kommunen sitt overordna mål for dei neste åra.

Arbeidet med Næringsplanen er ikkje meint å skulla starta i 2017, men sentrale problemstillingar vil nok likevel bli identifiserte fortløpande, meiner rådmannen.

Godt i gang

Mykje er alt gjort. I fryseriet som i mange år stod tomt, er det som kjent komme mikrobryggeri og snart opnar Matkroken ny butikk i heile førsteetasjen. I sommar kom det også nytt bunkringsanlegg på kaien og neste sommar skal det leggjast ut flytebrygger framom nyebutikken. Nye Pernillekafeen er også godt etablert like ved fryseriet.

Vinn vinn

Med kommunehuset i tillegg ser Vamråk føre seg eit sentrum slik det bør vera.

– Eit kommunehus høyrer heime der det er næringsaktivitet og folk, og på Fedje burde kommunehuset vera noko av det første folk ser når dei kjem inn med ferja, seier ho.

Sjølv om det gamle kommunehuset kan framstå som sjarmerande, er det utgått på dato for lenge sidan. Vesentlege delar av bygningsmassen kring bygget er dyrt i drift og for utrangert til at det svarer seg å påkosta det til å møta dagens krav til ventilasjon og universell utforming. Dessutan ligg det på feil plass, skriv Vamråk i forslaget til økonomiplan for 2017-2020. ## Treng ikkje eiga

Det ho ser føre seg er at kommunen inngår leigeavtale med opsjon på kjøp i eit nytt bygg på/ved Steinborg. Ei slik løysing vil ikkje auka gjeldsgraden, den vil ikkje binda opp kapital og vil dermed ikkje vera til hinder for andre tiltak. Dessutan vil denne løysinga i høgst beskjeden grad påverka dei årlege driftsresultata, skriv ho.

Det noverande kommunehuset sin kulturhistoriske verdi meiner ho likevel må framhevast. Difor ser ho føre seg at historielaget kanskje kan dra nytte av 1. etasje til utstillingsføremål og at resten av huset kan gjerast om til støttebygg for det nye kulturhuset i Hjartebankjen.

KULTURHUS: Rådmannen vil også flytta biblioteket til Hjartebankjen og utvikla den til eit kulturhus og ein møteplass for alle folk.

Kulturhus i Hjartebankjen

Dette er nemleg det andre konkrete tiltaket kommunen ønskjer å få til for å skapa fleire møteplassar på øya. Hjartebankjen ligg like over vegen for det gamle kommunehuset og har i dag dagkafé i regi av psykisk helse, småbarnstreff og ungdomskafé. No er planen å også flytta biblioteket dit, frå ei brakkene som ligg ved sida av kommunehuset.

Både flytting av kommunehuset og biblioteket er tenkt utført i tråd med statlege føresetnader og langsiktige mål.

Les meir om Fedje-budsjettet i papiravisa!