– Me måtte berre gjera det, elles blir det altfor mange som ikkje får seg pass til ferien, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg.

Per no er det ingen ledige timar før 5. juli, og i førre veke sa Vangberg til Strilen at dei ikkje kunne innføra drop in når Bergen ikkje har det.

Men no tek han skjeia i eiga hand.

I fem veker

I Knarvik startar dei med drop-in frå og med måndag 12. juni og fem veker framover, til og med fredag 14. juli.

I den perioden håpar dei å klara og skriva ut 1.250 pass, det vil seia 50 ekstra per dag.

Må forventa ventetid

Drop in kjem sjølvsagt i tillegg til booking, og blir organisert slik at dei femti første kvar dag vil få utdelt kølapp.

– På denne måten treng dei ikkje sitja på kontoret og venta, men får oppgitt eit tidspunkt dei må vera tilbake for timen sin, forklarer Vangberg.