Mange hadde det travelt på Ådlandsvegen mellom Litlebergen og Moldekleiv på Holsnøy i Alver. I løpet av eit par timar etter lunsj torsdag, fekk 18 personar forenkla førelegg.

– Høgaste målte fart var 62 km/t i 50-sona, seier konstituert politistasjonssjef ved Nordhordland politistasjon, Ivar Holmaas.

På E39 ved Eikanger, var det to forenkla førelegg.

– Høgaste fart vart målt til 80 i 70-sona, fortel Holmaas.

Kontrollen var eit samarbeid mellom lokalt politi og UP.

Siste innlegg

Har du tips eller spørsmål? Send ei melding her:

Send melding
Martin Hjellestad

Tatt i 118 km/t

Torsdag kveld fekk 15 sjåførar med seg eit forenkla førelegg etter UP sto på E39 i 70-sona ved Totland, i nærleiken av Ostereidet. Høgste fart her var målt til 91 km/t.

Eit par timar seinare blei ein sjåfør meldt til politiet etter kontroll på Fv. 57 ved Kjevikdalen.

– Ein 18-åring blei målt til 118 km/t i 80-sona. Førarkortet blei beslaglagt og sjåføren blei meldt til politiet, fortel Ivar Holmass i politiet.

Grensa for beslag i 80-sona går ved 116 km/t.

Martin Hjellestad

Rykker ut etter melding om vinglebil

Like over klokka 9.30 melde politiet om ein bil som vingla mykje, i retning Knarvik. Politiet rykte straks ut for å stanse bilisten.

Operasjonsleiar i politiet, Helge Blindheim, seier at dei fekk melding frå ein annan bilist som låg bak bilen frå Flatøy.

– Det er berre éin person som har kontakta oss, og med tanke på observasjonane sende vi ut to bilar. Melder kunne ikkje følgje bilen vidare etter Hagelsundbrua, men vi fekk stoppa bilen ved Rema 1000, seier Blindheim.

Klokka 09.43 melde politiet at dei hadde kontroll på bilen.

Dette var ifølgje Blindheim ei eldre dame som køyrde, og det er ikkje mistanke om rus.

– Eg har ikkje meir informasjon no, men patruljen skal ta ei prat med kvinna.

Erlend Nordland Kristiansen

Snart ferdig med arbeid

Foto: Statens vegvesen

Det har vore ventetid for lokalbefolkning og langtransportørar mellom Knarvik og Leknes i både 2022, 2023 og i år – men no er jobben ved Mundal snart gjort.

– Rassikringsprosjektet har pågått nokre veker, men i løpet av neste veke er me alt i mål.

Erlend Nordland Kristiansen

Ambulanse på ferja

På grunn av ambulanseoppdrag gjekk 15.45-ferja frå Sløvåg fem minutt før ruta, melder Fjord1.

Erlend Nordland Kristiansen

Kabelferja på spa-opphald

«Fjon-M» går stort sett i rute utan særleg driftsforstyrringar. No skal ho inn på eit årleg «spa-opphald». Her eit bilde frå nokre år tilbake der det var ekstra mykje trafikk over fjorden. Foto: Strilen-arkivet

Kabelferja «Fjon-M» er på årleg verkstadopphald denne og neste veke. Inn på ruta kjem ein passasjerbåt.

Ferja trafikkerer mellom Masfjordnes og Duesund. Passasjerbåten går mellom dei to gamle ferjekaiane.

Erlend Nordland Kristiansen

Bergsikring på E39 på ny

På grunn av frost, så kom ikkje arbeidarane i hamn med alt arbeidet i fjor. No tar dei fatt på ny. Foto: Erlend Kristiansen (arkiv)

I haust vart det jobba i fjellet langs E39 mellom Mundalsbergtunnelen og Leknes. Dei vart ikkje ferdig før nyttår, og planen var å ta opp att arbeidet i januar-februar, men no i april er fjellreinskarane klare til å siste del.

Arbeidet vil gå føre seg på kvelds- og nattetid.

Fram til og med 30. april er det sett følgande arbeidstider måndag til fredag:

21-00: Inntil 30 minutt ventetid.

00-06: Inntil to timar ventetid.

Strilen veit ikkje kor lenge arbeidet vil halde på, men vi vil oppdatere når vi får svar av Statens vegvesen.

Langs vegen blir det varsla om vegarbeidet. Her frå Knarvik. Foto: Erlend Kristiansen
Martin Hjellestad

Innbrot like ved politistasjonen

Måndag morgon vart det oppdaga at nokon hadde brote seg inn i eit lokale hos driftsavdelinga på Knarvik Amfi.

– Ei dør til senteret var blitt broten opp, og det vart rapportert at fleire gjenstandar var stolne, seier Ivar Holmaas frå politiet.

Innbrotet skal ha ifølgje Holmaas ha skjedd i natt, eller tidlig måndag morgon.

– Saka er meldt til politiet, og vi har gjennomført undersøkingar på staden, avsluttar Holmaas.

Henrik Hauken

299 utan straum i Masfjorden

Det blei mørkt for 299 husstandar i Matredal, etter at BKK måtte kople ut straumnettet for å fikse ein defekt komponent tysdag morgon.

Det melder BKK.

Erlend Nordland Kristiansen

Her blir gravemaskina fjerna

Foto: Erlend Kristiansen

Ved 21-tida er bilbergar er i sving med å fjerne gravemaskina som saman med ein tilhengar kvelva på Flatøy tidlegare på kvelden.

I skrivande stund er halve rundkøyringa sperra av i samband med oppryddinga.

Ein politipatrulje var også til stades for å dirigere trafikken.

Det blei litt ventetid i dei ulike retningane, men truleg var det berre snakk om få minutt. Foto: Erlend Kristiansen
Erlend Nordland Kristiansen

Hengar med gravemaskin kvelva

Foto: Erlend Kristiansen

Ei gravemaskin som stod på ein tilhenger har velta på Flatøy, melde politiet klokka 18.32 måndag kveld.

– Politi og brannvesen er på veg til staden. Ikkje meldt om personskade. Fører til køar i området, melde politiet.

Hendinga skjedde i rundkøyringa på Flatøy.

Foto: Erlend Kristiansen
Henrik Hauken

Bilstans på Hagelsundbrua

Kø over Hagelsundbrua. Foto: Monica Skjelanger Reknes

Det blei i 8-tida måndag morgon meldt om kø i retning Knarvik, på grunn av ein bil med stans på Hagelsundsbrua.

Det er uklart kva som er årsaka til stansen, men bilen stod i midt i bakken ned mot rundkøyringa i Knarvik.

Ein sivilpolitibil var raskt på staden.

Like før klokka 08.30 var bilen flytta til ei busslomme, og trafikken kunne begynne å gå som normalt igjen.

Her stod bilen. Foto: Hege Alberta Wilhelmsen
Anders Totland

Trøbbel for Lavik-Oppedal-ferja

Dette er «Ampere». Ferja som har teknisk trøbbel er «Oppedal». Foto: Illu.foto: Heiko Junge

Vegtrafikksentralen melder klokka 15.10 at rute A på sambandet Lavik-Oppedal er innstilt inntil vidare grunna tekniske problem.

Anders Totland

Gult farevarsel for høg vasstand

Foto: Skjermdump Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt melder om høg vasstand søndag kveld mellom klokka 17 og 22.

Det gjeld kyst- og fjordstroka våre.

«Sjekk fortøyningen til båten og sikre løse gjenstander i strandsonen», skriv dei i farevarselet.

Usikkerheit i varsa vasstand er 5-10 cm.

kartverket.no kan du sjekke vasstanden for di bygd.

Erlend Nordland Kristiansen

Rygga i Eikåstunnelen

Klokka 22.13 fredag kveld melde Vegtrafikksentralen at Eikåstunnelen i retning Knarvik blei stengd. Grunnen var fleire meldingar om ein bilist som kom ryggande mot køyreretninga.

Politiet rykte ut og etter vel ti minutt melde VTS om at tunnelen var opna igjen.

Det er ikkje kjent for oss om politiet fekk fatt i føraren, men det har ikkje blitt meldt om uhell i samband med den litt spesielle manøveren.

Martin Hjellestad

Fire tatt i laserkontroll

Det var ikkje mykje å hente frå politiloggen fredag morgon, men konstituert stasjonssjef Ivar Holmaas hadde éin ting til pressa.

– Ein patrulje hadde laserkontroll på Remmo torsdag kveld. Kontrollen blei heldt på Radøyvegen i 60-sona mellom klokka 19.30-21. Her blei det gitt ut fire forenkla førelegg, der høgste fart var 74 km/t.

Henrik Hauken

Straumbrot i Austrheim og på Fedje

På det raude feltet har flk mista straumen. Det blå feltet er planlagt arbeid frå BKK. Foto: Skjermbilde BKK

Straumen gjekk i både Austrheim og Fedje etter ei såkalla driftsforstyrring på straumnettet torsdag morgon.

1029 abonnentar, både hytter og hus, var råka av straumbrotet, melde BKK klokka 9.52.

Klokka 10.07 nedjusterte dei antal råka til 793.

Like etter hadde dei fleste frå straumbrotet fått straumen tilbake.

Henrik Hauken

Ferjesamband blei innstilt

Foto: Kjell Arne Steinsvik (arkiv)

På grunn av driftsproblem blei ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg innstilt innstilt vidare torsdag morgon.

Det melde Fjord 1, før dei kom med kontramelding like etter klokka 10.

– Det blir normal drift i sambandet frå Leirvåg frå klokka 10.15.

Tidlegare blei også Fedje-ferja innstilt, men den er i rute att.

Henrik Hauken

Forseinkingar på snøggbåten

Foto: Kjell Arne Steinsvik (arkiv)

Strilen fekk på morgonkvisten torsdag melding om at snøggbåten «Fjordkatt» mellom Knarvik-Frekhaug-Bergen er forseinka mellom 25–30 minutt.

Det er opplyst frå Skyss at det er forseinkingar, men ikkje kva som er årsaka.

Dermed kom nok fleire forseinka til både skule og jobb denne dagen.

Erlend Nordland Kristiansen

Feil på halvparten av dei kontrollerte

Foto: Martin B. Hjellestad

Onsdag føremiddag gjennomførte Statens vegvesen ein trafikkontroll sentralt i Knarvik.

Av dei 64 kontrollerte blei det fire bruksforbod, 26 skriftlege manglar, éi melding til politiet og fleire gebyr.

Erlend Nordland Kristiansen

Leitar etter person med baggar

Ulykka skjedde like til venstre for politibilen nede i hjørnet. Til høgre ser du Ostereidet senter. Foto: Statens vegvesen

Litt over klokka 11 skjærtorsdag fekk Vest politidistrikt melding om ein bil som hadde køyrd inn i autovernet på Ostereidet.

Nødetatar rykte ut, men ingen skal ha blitt skadd, men føraren skal ha verka rusa og blei derfor tatt med til legevakt for blodprøve.

Kurt Inge Hordvik på Nordhordland politistasjon fortel onsdag at dei søker informasjon om endå ein person som kan ha vore involvert i hendinga.

Politiet søkte etter personen etter ulykka, utan resultat.

Vedkommande skal ha gått frå staden til fots, med to baggar med seg; den eine grøn, den andre med kamuflasjemønster.

Politiet prøver no å nøste i kven denne personen er og kven som køyrde bilen. Personen som var att på staden skal ha vore mindre samarbeidsvillig så langt.

Har du sett noko interessant i Ostereidet-området mellom klokka 11 og 13 på skjærtorsdag, kan du ta kontakt med Nordhordland politistasjon.