Ferjesambandet Masfjordnes - Duesund deler Masfjorden, og gjer det vanskeleg å organisere effektive kommunale tenester, og arbeidsliv, kultur og fritidsaktivitetar må tilpasse seg ferjeavgangane.

Det vil Masfjorden kommune gjere noko med.

– Vi har jobba med dette lenge, seier Masfjorden-ordførar Karstein Totland til Strilen.

Fleire løysingar utgreidd

Det har vore snakka om undersjøisk tunnel, men det alternativet blei fort tatt ut, grunna dei ugunstige grunnforholda. Vegvesenet har difor vurdert både flytebru og hengebru. Sistnemnde er det Masfjorden helst vil ha.

Vegnettet i dag. Foto: Vegdirektoratet

– Hengebru er slik eg ser det, einaste løysing. Det vil ha ein kostnadsramme på 730 millionar i 2011-kroner, som blir estimert til 900 millionar i dag, seier Totland.

– Korleis er det med trafikkgrunnlaget?

– Statens vegvesen har rekna med at det innan 2040 vil vere over 2000 ÅDT, altså summen av køyretøy som passerer eit punkt på vegstrekninga kvar veg gjennom året, dersom brua er ferdig finansiert.

Ordførar i Masjorden, Karstein Totland, seier det er vilje til å bruke bompengar, men at dei må kunne gå til renter og drift. Foto: Henrik Hauken

– Kan ikkje Ferde betale brua?

Spørsmålet om finansiering, er det som har gjort at prosjektet står. Det er lagt opp til 40 prosent bompengefinansiering, men Masfjorden har òg sjekka om det mogleg med andre løysingar, til dømes annuitetslån.

– I november 2017, like før vi sendte inn søknaden, kom det ei regelendring, om at ein skulle ta med bompengane inn i reknestykket. At dei ikkje kunne bli med på å dekke rentene. Det er ingen andre prosjekt, så vidt eg veit, som har denne løysinga, seier Totland bastant.

Han nemner Austevoll som eit døme på korleis Masfjordsambandet burde ha vore løyst.

– I Austevoll gjekk fylket inn og betalte brua, så betalar kommunen rente og avdrag. Kvifor kan ikkje Ferde betale brua, og fylket gje tilskot til dei? Då får vi likviditet til å betale rentene med bompengar.

– Er vilje i Masfjorden

Han seier samtidig at Masfjorden vil få ferjeavløysingspengar som vil betale brua, og at reknestykket truleg vil gå opp likevel.

– Eg ser at Vestland fylkeskommune har ein pressa økonomi. Greitt nok, men det vi ber om her er lik behandling som tilsvarande prosjekt.

Slik som det er no, ser ikkje Totland på konsesjonskraftmidlar som eit alternativ.

– Eg har vore i dialog med representantar frå regjeringa, og spurt dei om vi eventuelt kan få eit annuitetslån. Dei var ikkje negative til det, men så forsvann jo dei frå FrP eg snakka med ut av regjering tre dagar seinare.

Totland vil no ta opp tråden med den nye samferdselsministeren, Knut Arild Hareide.

– Det er vilje til å betale bompengar i Masfjorden, men då må det gå til renter og drifta av brua.

Masfjordensambandet vil kunne avløyse E39, om det skjer noko der. Foto: Vegdirektoratet

Gull for næringslivet

Eit argument for brua har vore at det kan vere ein omkøyringsveg når E39 og Leirvåg-Sløvåg er stengt/innstilt. Det vil næringslivet nytte godt av.

– Braanaas har sagt at det som er verdifull last ikkje er verdt noko, om det ikkje når flyet. Så å få ein føreseieleg veg, er gull verdt for næringslivet.

– Er du ikkje redd for at folk vil flytte frå Masfjorden, om det kjem bru?

– Det er heldigvis i dag ein del som jobbar i Gulen, som bur i Masfjorden. Så eg trur ikkje det blir eit problem, seier Totland med eit lurt smil.

Teikningar av hengebrua. Foto: Vegdirektoratet