Det var rundt klokka 18 fredag kveld at Vegtrafikksentralen sende ut melding om at bilistar måtta kjøra forsiktig på E39 ved Nordhordlandsbrua.

Grunnen var at det var meldt om sauar på galeien ved den sterkt trafikkerte vegen på Klauvaneset.

Ein politipatrulje blei sendt til staden, og klokka var blitt rundt halv sju då politiet kunne bekrefte at dei hadde nokonlunde kontroll på dei firbeinte sjarmørane. Då gjekk politiet «tur» med sauane i 30-sona på veg ned mot Hordvik.

Strilen prøvde å innhenta ein kommentar frå sauane utan å lykkast, men etter det avisa forstår kan det ha vore snakk om at graset var grønare på den andre sida av Nordhordlandsbrua. Dette er rett nok ei veldig ubekrefta, men plausibel forklaring.

GJEKK KLAR: Sauane ville ikkje oppgi personalia til politiet, men slapp å bli tatt med inn i arresten i Bergen. Foto: Erlend Kristiansen
Foto: Erlend Kristiansen
Foto: Erlend Kristiansen