I går kveld fekk brannvernet melding om at det brann i ein brøytebil i Sløvåg. Då dei kom fram viste det seg at det var eine dekket som hadde tatt fyr. Brannen var sløkt, men det rauk framleis frå bilen då brannvernet kom fram, difor tok dei hand om ettersløkkinga.