Meland nærmar seg 8.000 innbyggjarar, men nullvekst i tredje kvartal gjer at ein truleg må venta til 2017 før det skjer. Netto utflytting gjorde at folketalet stod stille og enda på 7.946, det same som for tre månader sidan.

Dermed var det Lindås som hadde den største folkeveksten i tredje kvartal med 48 til 15.733. Auken skuldast både tilflytting og fødselsoverskot.

Tilflytting

Også Gulen og Masfjorden hadde folkevekst i tredje kvartal, og veksten i begge kommunane kom av tilflytting, for i begge kommunane var det fleire som døydde enn vart fødde.

Radøy hadde auke med åtte. Også Modalen hadde vekst, med ein person.

Ned i Austrheim

Dei andre kommunane hadde nedgang i folketalet. Både Austrheim og Fedje hadde nedgang på fire kvar. På Fedje vart det ikkje fødd born i tredje kvartal, og netto utflytting var tre personar. Dermed er den positive trenden frå førre kvartal broten.

I Austrheim skuldast nedgangen både fødselsunderskot og netto utflytting.