Den førebuande fellesnemnda for ny kommune hadde sitt første møte denne veka. 21 representantar frå Radøy, Lindås og Meland møttest for å leggja føringar for det vidare arbeidet fram mot ein ny kommune i 2020. Ein av diskusjonane gjekk på den mellombelse prosjektleiarstillinga, som skal fyllast av ein ressursperson som har fokus på arbeidet med den nye kommunen.

Rådmennene i Lindås, Meland og Radøy: Ørjan Raknes, Forthun, Ingvild Hjelmtveit og Jarle Landås. Foto: Silje Alvsaker

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (Krf) ønskte seg ei kartlegging av dei forskjellige systema kommunane har, som personalsystem, personalpolitikk og IKT.– Ja, vi treng ein ressurs no. Ordførarar kan gjere mykje, men eg trur det hastar litt med å få fatt i ein slik ressurs, seier Aarhus Byrknes.

Fram mot møtet i den førebuande fellesnemnda var det ein sekretær som sende ut sakspapira og ein rådmann som førte protokoll, så ho meiner det er nok å gjere for ressurspersonen.

– Å ikkje engasjere ein ressurs no vil seie at vi ikkje får gjort noko fram til sommaren, seier rådmann i Lindås, Ørjan Raknes Forthun.

Heldigvis blei politikarene einige, og Øyvind Oddekalv (Ap) fekk i oppgåve å vere prosjektleiar fram til sommaren.

Det blei òg bestemt at fellesnemnda kan setje ned felles arbeidsgrupper ved behov.