Bil kjørte i elv i Gulen

Ulukke ved Nordgulen, ein mann sendt til sjukehus.

Publisert:
  • Erlend Nordland Kristiansen
  • Siv Berg Lutro
Denne artikkelen er over ett år gammel

Ein personbil har hamna i Skåldalselva på fylkesveg 57 i Gulen, melde Vest politidistrikt klokka 16.18 måndag ettermiddag.

Til sjukehus

– Ein mann i 20-åra er sendt til Førde sentralsjukehus. Han er vaken og orientert, men har fått kuttskade, fortel operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Han kan ikkje seie meir om skadeomfanget.

Politi, brann, ambulanse og luftambulanse blei sendt til staden då alarmen gjekk.

Mellom anna køyrde tre brannbilar frå Dalsøyra og Eivindvik.

Politiet undersøker

Det er usikkert om det var vitne til hendinga, men politiet blei varsla om ulukka av ein annan person.

Skåldalselva går frå Skåldalsvatnet og ned mot Nordgulen.

Klokka 17.00 måndag kunne ikkje politiet seie kva som hadde skjedd, men dei vil oppretta sak på hendinga.

Bilbergar var då varsla og på veg, men det skulle vere mogleg for bilistar å passera ulukkesstaden.

Publisert:

Flere artikler

  1. NYHEITER

    Sjåfør i 80-åra køyrde utfor vegen i Lindås – frakta til sjukehus

  2. NYHEITER

    Sju til sjukehus etter trafikkulukke i E39-tunnel

  3. NYHEITER

    Varetektsfengsla i to veker

  4. NYHEITER

    Bil køyrde utfor vegen

  5. NYHEITER

    Trua med motorsag og øks – blei skoten av politiet

  6. NYHEITER

    Fyrverkeriuhell: 16-åring mista handa

Mest lest akkurat nå

  1. «Etter at skysstasjonen ble lagt ned har man gjort noen rare grep»

  2. Uhell fører til seine bussar

  3. Sjå stor bildeserie frå Havglede

  4. Bergen: Forbyr samankomstar på over 20 personar

  5. – Du stel ikkje korset på ein bårebil

  6. – No er det Vestlandet sin tur

  1. Gulen
  2. Trafikkulykker