Årets julegåveaksjon har starta. Aksjonen vert arrangert av Nordhordland Røde Kors saman med frivilligsentralane i Alver, skriv Birthe Kråkenes Bjørstad i frivilligsentralen på Manger i ein e-post til Strilen.

Julegåveaksjonen i Alver er ein aksjon der innbyggjarar som ønskjer det kan pakka inn julegåver anonymt og leggja på bestemte stader, slik at arrangørane i julegåveaksjonen kan henta dei og fordela dei vidare til barn og unge frå 0-18 og familiar som treng dei.

– Det er langt ifrå alle kommunar som kan tilby ei slik ordning, og vi er stolte over denne aksjonen som over mange år har bygd seg opp til eit stort apparat av frivillige som stiller kvar november/desembermånad for å få dette til, skriv Bjørnstad.

Ho reknar med at det blir nok eit rekordår for aksjonen. Fordi ein ser at mange slit med økonomiske utfordringar, og fordi kommunen også har eit stort mottak av flyktningar.

I år er det plassert juletre som du kan levera gåver under ved inngangen til Max Fitness på Frekhaug, utanfor Norli i Amfi Knarvik, på Lindås nærsenter, på Ostereidet kro og på Rådhuset og biblioteket på Manger.

Og treng du hjelp med å få endane til å møtast til jul, så kan du melda inn behov om mat og gåver ved å senda ein e-post til manger.frivilligsentral@alver.kommune.no. Du treng ikkje ha barn for å få matkasse.

– Matkassen inneheld ein tradisjonell pinnekjøttmiddag med tilbehør og ellers litt vanleg julekos som godt pålegg, julebrus og julegodt. Me ber ikkje om dokumentasjon, og ordninga er tillitsbasert. Me håpar å kunna hjelpa alle som ber om det, men barnefamiliar vert prioritert, skriv Bjørnestad.

Dette er ein av mange flittige sjeler som tidlegare har bidratt til at fleire kan få ei betre julefeiring. Foto: Privat