Siste nytt om koronaviruset

Her får du nyheiter om korona-viruset. Finn du ikkje saka du trykte deg inn på? Bla deg nedover på sida!

  • Redaksjonen
  • Tips oss. Du når oss på desk@strilen.no og på Facebook.
  • Informasjonsline om koronaviruset: telefonnummer: 815 55 015.
  • Folk som trur dei kan være smitta, kan ringe fastlege eller legevakt på telefonnummer: 116 117.
  • Det er viktig at folk som trur dei kan vere smitta, ikkje møter opp hos legen, eller på legevakten, men blir heime og tar kontakt på telefon.
  • Oppdatert informasjon frå Folkehelseinstituttet finner du på denne lenka.
  • Click this link to find information about corona in different languages.
Siste innlegg
Har du tips eller spørsmål om dette emnet? Vi vil gjerne høre fra deg!
Send inn
  • av Livar Aksnes
    DEL

    Alle testa negativt for korona

    – 110 personar i Austrheim er testa for korona i Austrheim, men alle har hatt negativ test, kunne kommunelege Peter Kubon opplysa i kommunestyret førre torsdag.

    Ein har lagt opp til å testa om lag 1,5 prosent av innbyggjarane kvar veke. Kommunen har ikkje hatt koronatilfelle på fleire veker.

    – Men me kan få ei utfordring viss aktiviteten aukar. Rettleiing er difor viktig, og at innbyggjarane rettar seg etter dei råda dei får, sa Kubon.

    Han fortalde at helseleiinga i kommunen har hatt ein del arbeid med å rettleia folk, til dømes i samband med arrangement, som gravferder og konfirmasjonar.

    Ordførar Per Lerøy nytta høvet til å retta ein takk til alle som har gjort ein innsats under pandemien.

    – De har gjort ein kjempejobb, sa han.

  • av NTB
    DEL

    Barn og ungdom kan drive full idrettsaktivitet frå 1. august

    Regjeringa godtek kamp- og konkurranseaktivitet for barn og unge i idretten frå 1. august.

    Det er klart etter eit møte mellom idrettspresident Berit Kjøll og kulturminister Abid Raja (V) tysdag. Regelletten gjeld for dei som er 19 år eller yngre, og dei kan konkurrere mot andre frå same idrettskrins.

    «Fra 1. august gis det unntak fra avstandskravet i covid-19-forskriften ved gjennomføring av konkurranser der alle deltakerne er under 20 år og aktiviteten ikke kan utføres som normalt dersom en skal overholde avstandskravet til enhver tid. Åpningen forutsetter at smittesituasjonen på det tidspunktet tillater det», skriv Kulturdepartementet i ei pressemelding.

    I barne- og ungdomsidretten har ein kunna trene med fysisk kontakt frå 1. juni. Opphavleg var 1. september formidla som dato for oppstart av kamp- og konkurranseaktivitet, men denne blir flytta fram éin månad.

  • av NTB
    DEL

    Vil ikkje opne for kampar i barnefotball i sommar

    Dersom styresmaktene følgjer tilrådinga til Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, vil heile sommaren gå utan seriekampar i barnefotballen, ifølgje VG.

    Eit ferskt notat avisa har fått innsyn i, viser at helsestyresmaktene tilrår ikkje å vurdere ytterlegare gjenopning av barne- og breiddeidretten før 1. september.

    Vaksne breiddefotballspelarar vil verken kunne trene som vanleg eller spele kampar før til hausten – i beste fall.

    – For oss er dette kritisk. Det betyr i praksis at i underkant av nær 300.000 barn og ungdom ikkje kjem i gang med normal aktivitet i heile 2020. Eg er sterkt bekymra for kva dette betyr for fråfallet av både spelarar og frivillige, seier fotballpresident Terje Svendsen.

    Idrettspresident Berit Kjøll skriv til avisa at dei naturlegvis er skuffa dersom dei må vente til 1. september før det vil gjerast ytterlegare vurderingar for vidare gjenopning av idretten.

    «Med utgangspunkt i vårt samfunnsansvar, er vi naturlegvis svært bekymra for ytterlegare fråfall som følgje av stenginga, spesielt blant barn og unge som no tørstar etter å komme i gang med konkurranseaktivitet», skriv ho.

  • av Erlend Nordland Kristiansen
    DEL

    Opnar sjukeheimen for besøk

    På Fedje opnar ein no opp sjukeheimen for besøk. Det opplyser kommunen på si heimeside.

    «Vi er svært glade for å kunne opne sjukeheimen for besøk att. Vi må diverre ta ein del forholdsreglar for å fortsetja å beskytte dei vi er så glad i

    Trykk her for å sjå reglane som gjeld ved besøk på sjukeheimen.

  • av Erlend Nordland Kristiansen
    DEL

    Så mange er permitterte (veke 22)

    Søk opp kommunen din i grafikken under.

  • av NPK
    DEL

    Tre av fire kommunar vurderer kutt

    Koronakrisa gjer at nær tre av fire kommunar vurderer kutt når kommunebudsjettet skal reviderast, ifølgje ei undersøking.

    I undersøkinga som Sentio har gjort for Kommunal Rapport, svarar 72 prosent av dei 419 spurde ordførarane og kommunaldirektørane at kommunen deira vurderer kutt.

  • av Erlend Nordland Kristiansen
    DEL

    Opnar kommunehuset

    Foto: Erlend Kristiansen (arkiv)

    Etter å ha vore stengt ei god stund, opnar no Austrheim kommunehuset for publikum igjen. Det melder kommunen på si heimeside.

    Servicekontoret har ope mandag - fredag kl. 09.00 - 15.00

    Biblioteket har ope: tirsdag og fredag kl. 10.00 - 15.00 og onsdag kl. 14.00 - 19.00.

  • av Kristina Bøland
    DEL

    No kan ein handla i kioskane om bord

    Frå torsdag starta kioskdrifta opp igjen på ferjene som trafikkerer sambandet Lavik-Oppedal, melde Norled.

    På grunn av korona har kioskane har vore stengde i fleire veker 

  • av Kristina Bøland
    DEL

    Færre arbeidsledige

    Talet på heilt ledige personar i Vestland er redusert med 3361 den siste veka frå 28271 til 24910, kjem det fram i ei pressemelding frå Nav. Samstundes er det ein auke i delvis ledige på 1472 personar denne veka.

    Talet på heilt ledige i Vestland fylke utgjer no 7,4 prosent, ned frå 8,4 prosent for ei veke sidan.

    Dette er tala per 123. mai:

    • Alver: 897 heilt arbeidsledige, 817 delvis ledige
    • Austrheim: 114 heilt arbeidsledige, 63 delvis ledige
    • Fedje: 10 heilt arbeidsledige, 9 delvis ledige
    • Gulen: 35 heilt arbeidsledige, 29 delvis ledige
    • Masfjorden: 28 heilt arbeidsledige, 21 delvis ledige
    • Modalen: 12 heilt arbeidsledige, 6 delvis ledige
  • av Erlend Nordland Kristiansen
    DEL

    Statusrapport frå Gulen

    Eivindvik.
    Eivindvik. Foto: Nordhordlandskart

    Gulen kommune har delt fleire statusoppdateringar gjennom korona-pandemien. Fredag delte dei ein ny:

    «No kan alle med mistanke om Covid-19 verte testa ved Eivindvik legekontor. Det kan vere mistanke om Covid-19 ved symptom på akutt øvre luftvegsinfeksjon med feber, hoste og tung pust. Symptoma må ha vart i minst to døgn før prøvetaking. For prøvetaking – kontakt Eivindvik legekontor»

    Frå før har kommunen registrert eitt smittetilfelle, men det var frå ein person med bustadsadresse i kommunen, men som ikkje oppheldt seg i Gulen i den aktuelle smitteperioden.

    Andre moment frå statusoppdateringa:

    • 5. til 10. klasse i Gulen startar opp onsdag.
    • Kommunen har framleis organisert seg med kommunal kriseleiing, og ein vil vurdere i løpet av mai om ein skal gå tilbake til ordinær driftsmodell.
    • Torsdag hadde Gulen kommune historias første digitale kommunestyremøte.

  • av Erlend Nordland Kristiansen
    DEL

    Gradvis mot ein meir normal kvardag

    Kommunehuset på Fedje
    Kommunehuset på Fedje Foto: Erlend Kristiansen (arkiv)

    Gjennom korona-tider har Fedje-ordførar Stian Herøy delt oppdateringar med sine sambygdingar på kommunen si Facebook-side.

    Det har aldri blitt påvist smitte på øya, og Herøy ber innbyggarane halde fram med dei generelle råda om smittevern.

    «Og på kommunehuset kjem ein attende tilbake til ein meir normal kvardag, der me jobbar i størst mogleg grad frå kommunehuset. Ytterdøra kjem til å vere stengt heile veka, men det er mogleg å avtale møte der me føljer dei generelle smittevernråda me har fått.»

    Dei heldt også ei 8. mai-markering, der 16 personar deltok.

  • av NPK
    DEL

    Over 1.300 fristbrot på Haukeland

    Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

    Koronapandemien har ført til at 1.316 pasientar ved Haukeland universitetssjukehus ikkje har fått nødvendig behandling innan fristen.

    Berre i mars auka talet med 1.000. Denne månaden måtte Haukeland universitetssjukehus utsetje 30.000 pasientavtalar som følgje av koronapandemien, skriv Bergens Tidende.

    Avisa skriv at talet på fristbrot sist fredag var 1.316, noko som er over 1.000 fleire enn i februar. Fristbrot betyr at pasienten ikkje fekk nødvendig behandling innan fristen som var sett.

    Ventetida er no 82 dagar for somatiske pasientar.

  • av NPK
    DEL

    Ni av ti friskmelde

    90 prosent av alle som har fått påvist covid-19, har vorte friske, viser utrekningar Folkehelseinstituttet (FHI) har gjort.

    – Det inneber at vi reknar med at om lag 7.000 av dei som er rapporterte smitta no, er friske, seier avdelingsdirektør Line Vold.

    Ein person blir definert som friskmeld dersom han eller ho etter fjorten dagar ikkje er innlagd på sjukehus og ikkje er død. Dei som er innlagde på sjukehus, blir definerte som friskmelde ved utskriving, eller dersom dei er i live etter 30 dagar. Dette betyr at det må gå minst fjorten dagar frå positiv test til ein person kan definerast om friskmeld.

    Her lokalt har 27 fått påvist koronasmitte i Alver, medan 1 har fått det i Gulen. Dei fleste av desse er no friskmelde.

  • av NPK
    DEL

    Får maksimalt vere halvfulle

    Foto: Kjell Arne Steinsvik

    Berre halvparten av passasjerkapasiteten på offentlege transportmiddel kan nyttast i dagane og vekene framover.

    Det går fram av koronarettleiinga for kollektivtransporten som regjeringa offentleggjorde tysdag ettermiddag.

    Alle transportselskapa må utarbeide rutinar for å hindre trengsel. For å sikre tilstrekkeleg avstand mellom dei reisande, bør maksimalt 50 prosent av passasjerkapasiteten på transportmiddelet brukast.

    Det blir vidare tilrådd at passasjerane sit spreidd, til dømes på annakvart sete, men med unntak for husstandsmedlemmer.

  • av Erlend Nordland Kristiansen
    DEL

    Éin av fem vurderer oppseiingar

    – Ein av fem bedrifter vurderer at det er reell fare for å gå konkurs på grunn av koronakrisa, fortel regiondirektøren i NHO Vestlandet.

    «Selv om vi nå ser at færre bedrifter melder om likviditetsproblemer enn tidligere er det fremdeles én av fem bedrifter som vurderer at det er reell fare for å gå konkurs på grunn av koronakrisen» fortel regiondirektør Grete Karin Berg i NHO Vestlandet i ei pressemelding.

    Tala frå NHO si sjuande medlemsundersøking etter at koronakrisa vart eit faktum, blei offentleggjort onsdag. Tala viser ei utflating i talet på bedrifter som har likviditetsproblem.

    Så langt har fem prosent av bedriftene i Vestland gått til oppseiingar. 18 prosent av bedriftene i fylket har konkrete planar om å seie opp folk. Av dei er Bergen og omland (22 %), Nordhordland (22%) og Hardanger (21% med å trekke opp snittet.

  • av Kristina Bøland
    DEL

    27 personar har fått påvist koronasmitte

    Oppdaterte tal frå Folkehelseinstituttet fredag 1. mai viser at det totalt er 27 personar i Alver kommune som har fått påvist koronaviruset.

    Det er ein meir enn torsdag, då kommunen melde om 26 smittetilfelle.

  • av Erlend Nordland Kristiansen
    DEL

    Restriksjonar i hamna

    Foto: Silje Alvsaker (arkiv)

    Modalen kommune melder om ulike tiltak og restriksjonar for å hindre spreiing av koronaviruset i gjestehamna.

    Gjestehamna er altså open, men det er restriksjonar som at båtar ikkje skal fortøyast utanpå kvarandre og ligge med minst to meter mellom kvarandre. Toalett, dusj og moglegheiter for å ta seg ein vask er stengt av.

    – Modalen kommune har tillit til at gjestar respekterer restriksjonane og følger generelle råd for å hindre smittespreiing.

  • av Erlend Nordland Kristiansen
    DEL

    Ber innbyggarane handle lokalt

    Foto: Erlend Kristiansen (arkiv)

    I ei oppdatering til innbyggarane 24. april skriv Fedje-ordførar Stian Herøy om ståa i kommunen. Der oppmoda han også innbyggarane til å handle lokalt.

    – Me har ein butikk som er dimensjonert for vesentlig fleire enn me som bur her. Alle som er på Fedje bør handle lokalt og unngå reise for å handle andre stadar, skriv ordføraren og viser til at det bør gå fint å handle utan å komme på kant med smittevernreglane.

  • av NPK
    DEL

    Éin meter er nok

    Foto: Terje Bendiksby

    Rådet om å halde to meters avstand til andre personar blir endra torsdag til minst éin meters avstand.

    – Rådet gjeld både ute og inne, sa helseminister Bent Høie (H) på den daglege pressekonferansen til regjeringa.

    – Smittespreiinga i samfunnet er vesentleg redusert, og både Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet meiner ein meter er tilstrekkeleg for å redusere smitterisikoen vesentleg, opplyste helseministeren.

  • av NPK
    DEL

    Arrangement blir lov

    Regjeringa lettar på restriksjonar om å samlast på offentleg stad. Frå neste veke blir det lov å samlast inntil 50 personar i arrangement på offentleg stad.

    Les meir her.

Mest lest akkurat nå

  1. Politiet har ein sterk mistanke om kva som skjedde før bilen krasja i fjellveggen

  2. Skal steikja 14.560 sveler til Fjord1

  3. Melder kommunen til politiet

  4. Hevdar eigaren stikk av frå rekning på meir enn 100.000

  5. Mistenkeleg dødsfall i Alver

  1. Koronaviruset lokalt
  2. Koronaviruset
  3. Folkehelseinstituttet
  4. Alver