Trafikkulykke på Radøy

Bil hamna utfor vegen.

Publisert:
  • Erlend Nordland Kristiansen

Nødetatane rykte i 13.40-tida ut på ei trafikkulykke på Radøy. Ifølge politiet hadde ein bil køyrt utfor vegen og hamna i ein lyktestolpe i krysset kor ein kan ta av mot Bøvågen (Slettevegen/Radøyvegen).

Ingen personskade

Smellen var såpass at kollisjonsputane blei løyst ut. Det var berre ein person i bilen og vedkommande, ein mann i 60-åra, blei frakta til Haukeland sjukehus i ambulanse.

Politiet melde først om at tre personar var involvert i ulykka. Det rette er at det var tre bilar (med éin førar i kvar) som var involvert/til stades, men berre éin av desse bilane hadde køyrt ut av vegen og blitt påført materielle skadar.

– Hendingsforløpet er ukjent, opplyser politiet.

Sak er oppretta og det er gjort beslag av eit førarkort.

BKK måtte rykke

Klokka 14 var bilbergar på veg, det same var BKK for å inspisere lyktestolpen. Brannvesenet hjelpte til på staden med opprydding og trafikkdirigering.

Trafikken kunne passere etter hendinga.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. «FNB – feil fokus for folk flest»

  2. Bilbrann stengde veg i Stølsheimen

  3. Sjåførar filmar køyringa – deler det på «Snapchat»

  4. Køyrde med 1,5 i promille frå Knarvik til Flatøy

  5. Kom i form til Knarvikmila med løpsfriskusen Svein Roar

  6. Synspunkt: – Eg brukar ikkje belte i bussen

  1. Manger
  2. Radøy
  3. Trafikkulykker