Ein mann frå Nordhordland er dømt til 90 dagar i fengsel for å ha gjort seksuelle handlingar med eit barn under 16 år.

Det bekreftar Ole-Petter Grythe Hoff som er bistandsadvokat for jenta som er fornærma i saka.

Skuffa over lengda på fengselsstraffen

Mannen er også dømt til å betala 30.000 kroner i oppreising til jenta som er fornærma i saka.

– Eg er nøgd med at mannen blei dømt, men eg er skuffa over at han ikkje blei dømt i samsvar med aktor sin påstand om fem månaders fengsel, seier bistandsadvokat Hoff til Strilen.

Mannen var tiltalt for brot på straffeloven (2005) § 304 som gjeld seksuell handling med barn under 16 år. Handlingane som er skildra i tiltalen, skal ha skjedd mellom ein lærar og ein elev.

Hendingane skal i hovudsak ha skjedd på ein skule i Nordhordland over ein periode på fem-seks månader i 2017. Mannen var då tilsett som lærar ved skulen og den fornærma jenta var elev ved den same skulen.

Mannen er ikkje lenger tilsett ved skulen.

Belastning for jenta og familien hennar

Strilen har så langt ikkje fått tak i domsavgjerda, men ifølgje tiltalen har mannen fleire gonger gjort seksuelle handlingar med ei jente som då var under 16 år. Politiet meiner at læraren skal ha tatt på eleven under kleda og kyssa ho.

Saka var opp i Bergen tingrett sist veke. Det var sett av to dagar til saka.

– Saka har vore ei belastning for både min klient og familien hennar. Ut over dette vil eg ikkje kommentere korleis jenta har opplevd saka, seier Hoff.

Erkjente straffskuld

Bistandsadvokaten fortel at dei vurderer å anke det sivile kravet om erstatning.

– Erfaringsmessig meiner eg at erstatninga burde vore på 50.000 kroner, seier Hoff.

Verken bistandsadvokaten eller Kim Brügger Villanger, som er forsvarar for mannen som no er dømt, hadde fått dommen tilsendt tysdag ettermiddag.

– Eg har ikkje fått dommen og har ikkje lese han. Eg vil derfor ikkje kommentere innhaldet i dommen. Min klient erkjente straffskuld, men eg ønskjer ikkje å gå i detalj på forklaringane ha gav i retten, seier Villanger.

Forsvaret har ikkje tatt stilling til om dei vil anke saka til lagmannsretten.

– Korleis har klienten din opplevd denne saka og det å vere i retten?

– Det ønskjer eg ikkje å seie noko om, seier Villanger.