– Det ligg ikkje føre planar om å utvida tilbodet på Nordhordlandssambandet. Passasjertala har flata ut dei seinare åra. Belegget varierer, men me ser at nokre avgangar er meir etterspurde enn andre, skriv pressekontakt i Skyss, Ingrid Dreyer i ein epost til Strilen.

Varierer frå 34 til 720 kr

Det blir ofte argumentert med at Skyss får meir kollektivtransport for pengane om dei satsar på buss framfor båt.

Strilen har spurt om tilskot per passasjer på strekninga mellom Knarvik og Bergen for både buss og båt.

– Tilskottsandelen totalt for alle båtkontraktane i fylket er på 72 prosent. Hordaland fylkeskommune subsidierte kvar påstigande båtpassasjer i snitt med 124 kroner (for bruttokontraktane). Talet varierte frå 34 kroner til 720 kroner i snitt på dei ulike rutene. Nordhordlandsbåten inngår i ein større kontrakt, eg har difor ikkje meir detaljerte tal no, svarer Dreyer.

Når det gjeld snittprisen på tilskot for buss, finn ikkje Dreier dei nyaste berekningane. Men i 2014, låg ein på 17 kroner i snitt for kvar busspassasjer i heile fylket.

– Det har truleg ikkje endra seg så veldig. Det er ikkje mogleg å rekne ut snittprisen for enkeltstrekningar, sidan kontraktane er finansierte som heile rutepakkar, skriv ho.

Ny anbodsrunde i 2021

Både Nordhordlandssambandet og Askøysambandet inngår i kontrakten «bybåtsambanda».

Inneverande kontrakt går ut 31.12.2021 med opsjon om forlenging av perioden med eitt år, altså til 31.12.2022.