– Eg er nøgd med talet på søkarar. Det viktigaste for oss er å få med folk på laget som er motiverte, engasjerte og har kapasitet, seier brannsjef Sigvald Kvinge i Gulen og Masfjorden brann og redning.

Blir ikkje rik på pengar

Om ein er avhengig av ei normal inntekt, så gjeld nok uttrykket «don’t quit your dayjob» i høgste grad for dei som søker seg til ein jobb som deltidsmannskap i brannvesenet. Stillingsprosenten er nemleg ikkje meir enn på 1,5 prosent.

– Ein blir ikkje rik av å ha deltidsjobb i brannvesenet. Lønna er meir av det symbolske slaget, men det er viktig og naudsynt at folk vil vere med å ta eit samfunnsansvar. På landsbasis jobbar dei fleste som er tilsett i brannvesenet deltid. Hos oss er det berre eg som har heiltidsjobb, seier brannsjef Kvinge.

Sigvald Kvinge er brannsjef i Gulen og Masfjorden brann og redning (GMBR). Foto: Anne-Lise Nordpoll (arkivfoto)

Gulen og Masfjorden brann og redning er organisert med sju stasjonar og cirka 70 deltidsmannskap. Stasjonane er plasserte i Duesund, Sandnes, Matre, Eivindvik, Brekke, Byrknes og Dalsøyra.

– Det er eit krav til responstid til mellom anna sjukeheimar og omsorgsbustader. Vi dekker eit stort område og må derfor ha mange personar i små stillingar, seier Kvinge.

1,5 oppdrag i veka

Det er i dag to brannvesen som dekker området mellom Osterfjorden og Sognefjorden. I sør er det Nordhordland brann og redning, som dekker om lag halve arealet. I nord er det Gulen og Masfjorden brann og redning som har beredskapen.

– Vi har ansvaret for eit areal på kring 1000 kvadratkilometer. Det er heldigvis ikkje så ofte det brenn, men vi ser ei stadig aukande mengde av helserelaterte oppgåver. Brannvesenet er ofte først på staden og er den lokale beredskapen i bygdene, seier Kvinge.

Han fortel at dei i snitt rykker ut på eit og eit halvt oppdrag per veke.

– Det varierer kor mykje som skjer, og kor ting skjer. Normalt vil ein deltidstilsett hos oss ha maksimalt ei handfull oppdrag i året. 2020 har vore eit heilt spesielt år med svært få utrykkingar. Det reknar eg med er ei følge av covid-19, seier Kvinge.

Må bu lokalt

Ifølge Sigvald Kvinge er brannvesenet i Gulen og Masfjorden relativt godt bemanna.

– Det varierer litt frå stasjon til stasjon, men totalt sett er ein omtrent der ein bør vere. Bank i bordet så har det gått fint så langt med tanke på bemanning og utrykking, seier Kvinge.

Han fortel at dei deltidstilsette i det lokale brannvesenet er folk i alle aldre og i ulike yrke. Det er flest menn, men òg ein del kvinner.

Med bakgrunn i beredskap er det eit krav at tilsette er busett i kommunane Gulen eller Masfjorden. Dei som vert tilsett må forplikte seg til å gjennomføre lovpålagt utdanning som brannkonstabel.

Då søknadsfristen gjekk ut tysdag 3. november hadde fem personar søkt på deltidsstillingane.

– Vi kjem til å ta alle inn til intervju og samtale. Normalt får alle som søker tilbod om jobb, seier Kvinge.