Tenk deg ein barnebursdag med 30 gjestar, der kvar gjest gir ein liten leike for mellom 50 og 100 kroner i presang. Det blir veldig mykje leikar og pengar av slikt.

Tema på foreldremøte

– Eg fekk sjokk då me begynte å rekna på det. Om alle borna i klassen går i bursdag til kvarandre, så vil me som foreldre til saman bruka ein stad mellom 45.000 og 90.000 kroner i løpet av eit år på småpresangar, seier Torunn Haugsvær.

Ho er mamma til ei jente i klasse 1A, og er saman med Anita Wergeland Risa klassekontakt dette skuleåret.

Bursdagsfeiring og presangar kom opp som tema på første foreldremøtet i haust.

– Ein i foreldregruppa spurde kva folk tenkte om bursdagsfeiring, og så snakka me litt om det. Nokon hadde høyrt om ein klasse på ein annan skule der dei hadde ein felles klassepresang. Den ideen var det mange som tente på, fortel Torunn.

Spørjeundersøking

Etter foreldremøtet laga klassekontaktane ei spørjeundersøking der alle foreldra kunne svara anonymt om dei ville vera med på ei ordning med felles klassepresang.

– Visst me skulle gjera noko slikt, måtte me vera sikre på at dette var noko alle eller nesten alle ville vera med på. Me vil ikkje overkjøra folk, seier Torunn.

Undersøkinga viste at det var stor interesse for det. No er foreldra samde om at bursdagsbarnet skal få ei fellesgåve til ein verdi av om lag 400 kroner.

– Det er foreldra til bursdagsbarnet som kjøper gåva. Dermed er det ingen som må ta ansvar for å samla inn pengar. Og når alle gjer det same, vil det bli likt fordelt i løpet av eit år. Då veit me også at barnet får noko det ønskjer seg. Alle borna som kjem i bursdagsbesøket har med seg eit kort som dei har laga sjølv. Då får bursdagsbarnet ein presang og mange personlege helsingar, forklarer Torunn.

Økonomisk og miljøvennleg

Dei fleste som veks opp i Norge i dag har meir enn nok av leikar, og ei slik ordning er både meir miljøvennleg og økonomisk for foreldra.

– Det kan vera store skilnader på foreldra sin økonomi. For store familiar og familiar som har det trongt økonomisk kan stadige utgifter til små presangar vera vanskeleg. Når klassen har ei slik fellesordning, så vert det mykje rimelegare, seier Torunn.

Sidan dei sparer mykje på å kjøpa fellespresang, har foreldregruppa også tatt kontakt med ein veldedig organisasjon.

Skuleprosjekt i Tanzania

– Det er fint å læra barna verdien av å gje til andre. Difor har me undersøkt med ulike organisasjonar og funne eit prosjekt klassen kan støtta. Det er eit prosjekt i regi av Frelsesarmeen, der me er gruppefadder for ein skule i Tanzania for barn med forskjellige handikap.

– Me har snakka med lærarane, og har valt å støtta dette prosjektet fordi dette er eit prosjekt som også kan brukast i undervisninga på forskjellige måtar, seier Torunn.

Det er heilt frivillig å delta.

– Me ønskjer ikkje å binda foreldra til å gje noko meir enn ein klassepresang. I staden har me sagt at dei som vil, kan gje 100 kroner i året til fadderprosjektet. Dei aller fleste har valt å bli med på dette også, og skulle nokon føla at dei ikkje har råd eller lyst, så går ikkje det ut over deira barn. Det er klassen som heilskap som er fadder, så alle får vera med likevel, seier Torunn.

Ho stiller opp i avisa for å fortelja om ordninga, slik at også foreldre frå andre skular skal få vita om at det finst ein del forskjellige måtar ein kan organisera dette med bursdagspresangar på.