ELSA SYNG: Her syng "Elsa" i snøen. "Anna" sit bak henne med snøspray, og syter for rette stemninga.
LIKAR VARME KLEMMAR: Her er "Anna" med snømannen "Olaf", som likar varme klemmar. Jentene har laga "Olaf" sjølv.

Maren må telja på fingrane når ho skal oppsummera alle karakterane ho speler, og kor mange gonger ho skifter kostyme i løpet av førestillinga

– Eg skiftar kle ...11 gonger!, konkluderer ho. Og legg til:

– Ikkje rart eg føler meg kokt etterpå.

Lang erfaring

Maren og Rebekka har spelt teater i Meland kulturskule i sju-åtte år.

Kulturskulen har teatergrupper for born i ulik alder. På dei andre gruppene er det ein del unge skodespelarar, men ungdomsgruppa har berre to medlemmer dette semesteret. Sjølv om dei gjerne skulle ha hatt fleire med, har ikkje det tatt piffen frå jentene. Dei har fått mykje ut av tida med dramalærar Maria Leite Olsen.

Olsen kan fortelja at det er jentene sjølv som har bestemt kva stykke dei ville jobba med, og at dei har styrt heile prosessen sjølv. Dei har både skrive manus og skaffa kostyma sjølv.

– Dei har jobba med dette stykket i eit år, og dei har jobba veldig godt, seier ho.

Frost-fan

Det var ikkje tilfeldig at jentene valde Frost. Begge har sett Disney-filmen og likar den godt.

– Spesielt eg. Eg er veldig fan av Frost, og har sett filmen mange gonger, seier Maren.

Med sitt lange blonde hår passa ho fint i rolla som Elsa. Rebekka spelte søstera hennar, Anna.

– Me har brukt karakterane frå filmen og musikken, og så har me dikta litt rundt det, seier jentene.

Sidan det berre var dei to i alle rollane, hadde dei svært mange replikkar som måtte sitja.

Dramalærar Maria hjelpte dei på dei stadane i stykket der det var umuleg for jentene å nå over alt sjølv, men elles var dei aleine på scena.

Det skal ikkje mykje fantasi til for å skjønna at det er litt nervepirrande.

Lo heile tida

Jentene har vist stykket to gonger. Først for alle elevane i første— og andreklasse på Sagstad skule, og måndag kveld kunne alle som ville sjå dei på scena i Meland aktiv.

– Eg var veldig nervøs før me skulle begynna. I starten kjente eg det i magen, men etter kvart gløymte eg det og slo meg heilt laus på scena, seier Maren.

Rebekka fortel at det var veldig kjekt å visa stykket for publikum.

– Eg trur borna synest stykket er morosamt. Borna frå Sagstad skule lo heile tida, men det var vanskeleg å få dei til å synga med på songane, slik eg prøvde på, seier Rebekka.

Omsverma

At "Frost-feberen" framleis herjar landet, kunne ein også sjå på oppmøtet i Meland aktiv. Det var veldig mange fleire i salen enn det jentene hadde forventa. Ikkje berre familie og venner, men ein masse born som hadde lyst til å sjå Elsa og Anna. Etterpå kunne dei som ville ta bilde av seg sjølv saman med dei to skodespelarane.

Maren og Rebekka har alt tenkt litt på kva stykke dei vil visa neste år.

– Då blir me kanskje fire på gruppa, men me vil gjerne ha endå fleire. Så visst det er nokon ungdommar der ute som vil spela teater, må dei begynna i kulturskulen, seier dei.