Brannvesenet og politi sette i verk redningsaksjon etter ein innringer meinte han hadde sett ein person symjande midt i Salhusfjorden.

Nødetatene rykte ut cirka klokka 10:00 laurdag. Like etter klokka 11:00 er redningsaksjonen avslutta.

- Redningsaksjonen er avslutta, brannvesenet og politi har søkt område og ikkje observert personar. Det er mogleg det var ei nise i område, som innringer har observert, seier vaktkommandør Ole Jakob Hartvigsen ved 110-sentralen.

Område vart undersøkt med mannskap både i land og med båt. Dei har også snakka med fleire personar på staden, men som ikkje hadde observert noko.