– Det har vore veldig kjekt å driva denne butikken, så det er trist å gje seg, seier Lars Arne Markhus i styret til butikken.

Mamilla er ein bruktbutikk som heldt til sentralt i Frekhaug senter mellom frisørsalongen og sportsbutikken.

Butikken vert driven på dugnad av ei gruppe pensjonistar og andre frivillige til inntekt for Israelsmisjonen og for å oppfordra til å tenkja miljøvennleg.

Vurderte flytting

– Grunnen til at me gjev oss er at me ikkje klarer å selja nok til å dekkja husleiga. Formålet med butikken er jo å støtta Israelsmisjonen, men slik situasjonen er no klarer me ikkje å få inn noko til dei. Me har prøvd å finna eit rimelegare lokale, men det er vanskeleg fordi lokalet både må rimeleg og liggja så sentralt at folk kjem innom butikken for å handla. Me har ikkje lukkast med å finna eit slikt lokale, og difor vert butikken lagt ned, seier Markus.

Opphørssalet startar over helga.

– Me vil halda opent fram til 12. desember, og så vil me rydda lokalet slik at alt er tomt til nyttår, seier Markhus.

Han fortel at Israelsmisjonen har ein bruktbutikk i Bergen som kan overta nokre varer, og det er også muleg at NMS sin gjenbruksbutikk i Knarvik kan få overta noko, visst det er ting som ikkje blir seld, slik at så mykje som muleg går til misjonsprosjekt.

Vil sakna kundane

I tillegg til eit stort utval av koppar og kar, bøker, småting til heimen og klede, har butikken hatt ein liten kaffikrok der alle som har lyst har vore velkomne til å setja seg ned for ein prat.

– Besøket har ikkje vore så verst. Det er ein god del som har kome innom for å sjå og handla, spesielt studentar og utlendingar, som ønskjer å finna rimelege ting til heimen. Det er også ein del som har kome innom for å slå av ein prat. Eg trur at både dei som har brukt butikken og me frivillige som har jobba for butikken kjem til å sakna han, seier Markhus.