Rundt klokka 05.40 natt til laurdag fekk nødetatane melding om brann på Knarvik ungdomsskule. Nokon hadde høyrt ein alarm og kjent litt røyklukt, og ringde derfor brannvesenet.

Branntilløp

Det viste seg snart at det hadde vore branntilløp to stadar inne på skulen, blant anna i ei bøtte.

Ifølge vaktkommandør ved 110 Hordaland, Håkon Myking, kom politiet først fram til skulen. Dei gjekk i innsats med eit pulverapparat fortel han, og derfor var det ikkje flammar å ta hand om for brannvesenet då dei kom fram like etter.

– Brannvesenet gjekk i innsats og søkte inne på skulen, seier Myking, men ingen personar var i bygget.

Fleire delar av bygget trengde utlufting. Foto: Erlend Kristiansen

Kan vere påsett

Politiet gjorde seg ferdig på staden i løpet av natta. Dei mistenkte at ei kvinne kan ha stått bak branntilløpet. Politiet skal ha komme i kontakt med henne i nærleiken av skulen, opplyste operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til BT.

Søndag formiddag var det ikkje kjent kva status denne kvinna har.

Ei stor rute ved hovudinngangen var blitt knust. Inne i bygget kunne ein lukte eimen av røyk.

Også restverdiredningsbil var innom skulen i løpet av morgontimane for å redde verdiar. Ved 9.30-tida jobba eit skadeservice-firma med å lufte ut og rydde opp etter nattas hending.