Det opplyste helseminister Bent Høie (H) på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.

– Frå i dag kan kommunar som allereie har kapasitet, teste alle med symptom. Dei kan berre gjere dette. Andre igjen har meir som må på plass, sa Høie.

Bakgrunnen for den auka testkapasiteten er eit gjennombrot som forskarar ved NTNU og St. Olavs hospital i Trondheim har stått for.

– På rekordtid har dei utvikla ein metode som gjer helsetenesta mindre avhengig av reagens, sa Høie.

Den nye metoden nyttar nanoteknologi, små magnetiske kuler som trekkjer arvemateriale ut frå virus. Ein av grunnane til at testkapasitet ikkje har vore så høg som styresmaktene har ønskt, har vore mangel på reagens.