Eigedomsmeklar Magne Storheim hos Eiendomsmegler Vest vedgår at han er spent på kven som slår til.

– Det er ikkje så ofte me har bedehus til sals, men eg ser føre meg privatpersonar som ser på mogelegheita for å omdisponera bygget til bustad. I dette tilfellet har me også blitt kontakta av næringsdrivande som ser potensial i tomta, seier han.

Det nesten hundre år gamle bedehuset har eit bruksareal på 266 kvadratmeter, som er fordelt på underetasje, hovudetasje og loft.

Det nesten hundre år gamle bedehuset har eit bruksareal på 266 kvadratmeter, som er fordelt på underetasje, hovudetasje og loft. Foto: Gunn Berit Wiik

Har laga totalpakke

Leif Birger Sortland, leiar i Lindås indremisjon, forklarer at parkeringsplassen har ein annan eigar enn tomta huset står på. Difor er det inngått eit salssamarbeid slik at både huset, parkeringsplassen og avkøyrsla blir selt under eitt.

Tomta er dermed 1659 kvadratmeter stor.

Dei har også fått arkitektteikna eit nytt forslag til avkøyring, sidan den som er der i dag, berre er godkjent for den bruken huset har hatt fram til no.

Sortland fortel at huset har ein storsal, ein liten sal, kjøkken og peisestove med skikkeleg peis i kjellaren. På loftet er det ei form for lita leilegheit, som det til tider har budd folk i.

Foto: Skjermdump frå Eiendomsmegler Vest

Blei mindre og mindre brukt

Huset blei brukt inntil for to år sidan.

– Aktiviteten har blitt stadig mindre og medlemene stadig eldre. Difor har det rett og slett vore krevjande å halda huset, forklarer han.

No har dei i staden slått seg saman med Konglevoll bedehus, som er veldig aktive og har tilbod for folk i alle aldrar.

– Og kva skal de gjera med pengane de får for huset?

– Noko tenkjer me å ta med oss inn i fellesskapen på Konglevoll. Og så vil me at noko skal gå til barne- og ungdomsarbeidet på Lindås, som blir drive i Kyrkjelydssenteret. Og så er planen å gi litt til Nordhordland indremisjon. Me får sjå korleis fordelinga blir når me veit kva me får, seier han.