– Eg vart kjempeglad og veldig overraska, seier Nicolay som på Frivilligsentralen og Lindås kommune sin frivilligkonferanse i Nordhordlandshallen måndag kveld, trudde han berre skulle spela eit par låtar.

Johan Nicolay synest konferansen var eit utruleg bra og viktig initiativ.

– Eg trur det finst tusenvis av folk der ute som har lyst å driva frivillig arbeid, men ikkje heilt veit korleis, seier han.

Han understrekar at frivilligprisen ikkje er noko han har vunne, for frivilligheit er ingen konkurranse.

– Det er berre vinnarar i frivillig arbeid, og hadde det ikkje vore for alle støttespelarane rundt meg, kunne eg ikkje drive med det eg gjer, seier han.

At Nicolay alltid roser andre for det han får til, var også varaordførar Nina Bognøy sitt hovudpoeng då ho delte ut prisen.

Allsidig prisvinnar Ho peika på at dette er eit kjent utsegn for mange eldsjeler i det store frivillige blomsterhavet.

– Men å få omtale som «ein ny, sjeldan plante i Guds låtskrivarherbarium” – det er det ikkje mange som får. Og når du får det frå sjølvaste visekongen Lars Martin Myhre, ja då ligg det ei solid kvalitetssikring bak. For å få ein slik omtale må ein vera talentutviklar, tekstforfattar, låtskrivar, komponist, visesongar, ivaretakar av kulturarv — og visa stort engasjement i bygdemiljø og for flyktningar. Ein må brenna for å gi kultur til folket, og ein må gi ut CD. Dessutan må ein skrive haugar av søknadar om pengar som kjem andre til gode, sa Bognøy.

Ho syntest det var utruleg stor stas å få dela ut prisen akkurat til Nicolay.

– Han song så utruleg lyrisk og vakkert. Eg trur alle som var på konferansen hadde ein god og fin avslutninga på kvelden, seier ho.

Frivilligappell Då Strilen snakka med Nicolay på telefonen tysdag føremiddag, hadde han akkurat henta den rykande ferske cd-en sin på Posten.

– Her snakkar me at draumar verkeleg blir til røyndom, strålar han gjennom telefonen.

Han fortel at han alltid har hatt veldig stor glede av musikken, men at han ikkje alltid har vore like trygg på det han driv med som no. Difor vil han hjelpa andre å oppnå den same tryggleiken til å spela og syngja. Og når dei er modne til det, skal dei også få lov å komma på scena, forklarer han.

No ønskjer han at folk tar kontakt med Frivilligsentralen og Per Ole Ekker, for der er oppgåver til alle.– Det som er så fint med frivilligheit er at ein blir like glad over å hjelpa som å få hjelp, så det er mykje god helse i frivillig arbeid, seier Nicolay.

Frivilligprisen vert gitt til ein initiativrik person som gjennom sine handlingar og idear har betra trivsel og livskvalitet for andre.