Mann hamna på sjøen ved Litlebergen

Ifølge politiet skal ein mann ha blitt skubba på sjøen på Litlebergen torsdag kveld.

  • Kristina Bøland
  • Erlend Nordland Kristiansen

Ein mann blei ifølgje politiet uprovosert skubba i sjøen ved Litlebergen. Politiet blei varsla om hendinga klokka 20.40 torsdag kveld.

Personen som skal ha fått den andre til å hamne i sjøen forsvann i ein kano.

– Det skal ikkje ha vore ei årsak, seier den fornærma. Han fortel at han har blitt overfallen og skubba på sjøen, og treft ei flytebrygge i fallet. Han har smerter i mage og arm, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til BA.

Dagen etter opplyser politiet at dei var på staden torsdag kveld, men at dei så langt ikkje fått fatt i kano-personen. Det er mogleg at politiet vil prøve å få hente ut videobilde frå området.

Siste innlegg
Har du tips eller spørsmål? Me vil gjerne høyra frå deg! Bruk desk@strilen.no, tlf. 971 51 020, Facebook eller send ei melding her:
Send melding
  • av Kristina Bøland
    DEL

    Ni bilistar fekk fartsbøter

    UP hadde to fartskontrollar i Nordhordland tysdag.

    Først var dei ute på E39 ved Eikanger i 70-sona i ei times tid. Der vart ein sjåfør tatt i 86 km/t og fekk fartsbot for dette.

    Litt seinare var dei på Radøyvegen i 50-sona. Det fekk åtte sjåførar fartsbøter. Den høgaste farten som vart målt var 64 km/t.

    UP var òg ute måndag, og ta delte dei ut 20 fartsbøter. Les meir om det her.

  • av Henrik Hauken
    DEL

    Innstilt ferje på Lavik-Oppedal

    Straumferja hadde igjen tekniske problem, og blei difor innstilt på sambandet Lavik-Oppedal måndag. 

    Dei andre to ferjene gjekk i halvtime, og timesfrekvens. 

    Det gjorde at ferjene blei forsinka. Sambandet var i normalt trafikk att frå 15:50. 

  • av Erik Støverud
    DEL

    Buss fekk problem

    Ein buss køyrde utfor vegen i lav hastigheit på Radøyvegen like etter klokka halv åtte måndag morgon.

    Les meir her.

  • av Henrik Hauken
    DEL

    Vanleg trafikk frå 16:30

    Det var litt ekstra kø i dette krysset søndag.
    Det var litt ekstra kø i dette krysset søndag. Foto: Erlend Kristiansen

    Lavik-Oppedal hadde tekniske problem med ei ferje søndag.  

    Det vil blei difor ventetid på frå 30 til 60 minutt. 

    Frå 16:30-ferja gjekk sambandet som normalt att, men som både trafikkartet og bilda viser, vil det nok ta tid før alle kjem seg over fjorden. 

    Lang, lang rekke
    Lang, lang rekke Foto: Erlend Kristiansen
  • av Henrik Hauken
    DEL

    Fedje-Sævrøy innstilt – så opna

    Nesten like raskt som sambandet var opna igjen, blei det midlertidig innstilt. 

    Det blei difor skyssbåt ei liten stund. 

    Klokka 13:55 gjekk sambandet som normalt igjen. Enn so lenge. 

  • av Henrik Hauken
    DEL

    Ferjesamband opna igjen

    Ferjesambandet Fedje - Sævrøy var innstilt på morgonkvisten laurdag, og 08:10 gjekk difor med Skyssbåt. 

    Frå 09:20 var sambandet i vanleg drift att. 

  • av Henrik Hauken
    DEL

    Målt til 120 km/t på gjennomsnittsmåling

    Ein bil blei målt til 120 km/t i ei gjennomsnittsmåling i Romarheimsdalen fredag kveld. 

    Vedkommande må dermed klare seg utan førarkortet ei stund. 

    Grensa for å framleis ha førarkortet etter råkøyring, er 116 km/t i 80-sona.  

  • av Henrik Hauken
    DEL

    Frakta til Haukeland etter badeulykke

    Ein 14 år gammal gut skal ha blitt skada etter ei badeulykke på Flatøy. 

    – Han skal ha hoppa frå ein terrasse, fleire meter over vatnet, og landa delvis på eit berg, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit, til Strilen. 

    Hoppet skal ha vore frå heile ti meters høgde.

    Politiet seier det er usikkert kor mange personar som var på staden då ulykka skjedde.

    Guten er frakta til Haukeland universitetssjukehus. Skadeomfanget er ukjent.

  • av Henrik Hauken
    DEL

    Tunneler stengde på E39

    Matreberg og Trodalstunnelen på E39 mellom Oppedal og Knarvik var midlertidig stengde, på grunn av oppryddingsarbeid.

    Tunnelen er igjen opna for trafikk.

  • av Henrik Hauken
    DEL

    Stengt tunnel på E39

    Masfjordtunnelen på E39 vart stengt på grunn av bil med stans i køyrebana.

  • av Erlend Nordland Kristiansen
    DEL

    Tekniske problem

    Avgangane 16.50 frå Lavik og 17.20 frå Oppedal på Lavik-Oppedal går ut på grunn av tekniske problem.

  • av Erlend Nordland Kristiansen
    DEL

    Redningsaksjon

    Alverstraumen
    Alverstraumen Foto: Erlend Kristiansen

    Klokka 1.11 natt til søndag melde politiet at det hadde blitt sett i gang ein redningsaksjon i Alverstraumen.

    Tre personar, som skal ha vore i sjøen, blei ikkje gjort greie for, slik at diverse redningsressursar blei sendt til staden. 

    Dei tre skal ha vore i fin form då dei blei funnen etter relativt kort tid. Det er så langt ikkje kjent kor dei tre blei funnen og om det var i nærleiken av sjøen.

  • av Erlend Nordland Kristiansen
    DEL

    Travel politinatt

    Natt til søndag har det vore ei ny travel natt for Vest politidistrikt. Slik summerer dei den opp:

    «Drøyt 400 telefonbevegelser. 151 loggførte oppdrag, drøyt 40 av disse i kategorien "forstyrrelse nattero-høy musikk-ordensforstyrrelse", hovedsakelig fra stor-Bergen. Ikke kapasitet til å respondere på alt av mindre alvorlighet».

    Det var så mange som tok kontakt med politiet om feststøy at politiet i løpet av natta bad folk forsøke «å snakke med naboen/støykilden på en grei måte først» før dei eventuelt kontakta politiet.

  • av Erlend Nordland Kristiansen
    DEL

    Tatt i 121 km/t

    Rundt klokka 19 laurdag kveld vart ein bilførar stoppa av Utrykkingspolitiet i 121 kilometer i timen i 80-sona ved Dyrkolbotn i Romarheimsdalen.

    Grensa for å miste lappen i 80-sonen går ved 116 km/t, så føraren blir no fotgjengar ei stund, og må nok vente seg eit solid førelegg også.

  • av Erlend Nordland Kristiansen
    DEL

    Mykje fyll og støy

    Finversperioden har gjort det meir populært å vere seint ute i godt lag. Det merkar Vest politidistrikt, som opplever at mange tar kontakt om forstyrringar i løpet av nattetimane. Dette melder dei frå loggen natt til laurdag:

    «En god del meldinger om høy musikk, forstyrrelse av natteroen og offentlig fyll på/ved friluftsområder. Ikke kapasitet til å oppsøke alle klagesteder, og i alle fall ikke umiddelbart når de kommer inn

  • av Erlend Nordland Kristiansen
    DEL

    Helseoppdrag på Fedje

    «Grunna ambulanseoppdrag må det påregnast forsinkelser i sambandet utover kvelden» skriv ferjeselskapet Fjord1 i ein sms klokka 20.52 fredag kveld.

    Rundt klokka 21.10 landa ein luftambulanse på Fedje. Samtidig var «Fedjebjørn» midtfjords på veg inn til Fedje. Rundt klokka 21.25 la ferja til kai på Fedje.

    Ferja hadde ein rundtur att då meldinga vart sendt ut frå ferjeselskapet: 21.15 frå Fedje og 21.55 frå Sævrøy.

    Det er ikkje meldt om nokon spesielle hendingar, slik at det antakeleg dreier seg om eit reint helseoppdrag.

    Luftambulanse på veg til å lande på Fedje ca 21.10.
    Luftambulanse på veg til å lande på Fedje ca 21.10. Foto: Flightradar24
    Fedjebjørn på veg inntil Fedje rundt klokka 21.10
    Fedjebjørn på veg inntil Fedje rundt klokka 21.10 Foto: MarineTraffic
  • av Erlend Nordland Kristiansen
    DEL

    Stengt tunnel på E39

    Klokka 20.25 melde Vegtrafikksentralen av E39 Masfjordtunnelen er stengt på grunn av eit køyretøy med stans i tunnelen.

    Klokka 21.07 melde det at det var tut og køyr igjen.

  • av Henrik Hauken
    DEL

    E39-ulykke

    Det har i 14.30-tida fredag skjedd ei trafikkulykke mellom ein bil og ein motorsyklist på E39 ved Matre. Les meir her: Trafikkulykke på Matre

    Les også: Kluss i fredagstrafikken – redusert kapasitet og stengt E39

  • av Henrik Hauken
    DEL

    Bubilstans ved Nordhordlandsbrua

    Ein bubil fekk stans i nordgåande retning ved Nordhordlandsbrua like etter klokka 12 fredag.

    Politiet dirigerte trafikken, medan bubilen etter kvart fekk hjelp til "å komme seg i land".

    Trafikken skal etter kvart ha løyst seg opp igjen.

    Nordhordlandsbrua i 112.15-tida fredag.
    Nordhordlandsbrua i 112.15-tida fredag. Foto: Statens vegvesen
  • av Henrik Hauken
    DEL

    Seks forenkla førelegg då UP hadde kontroll

    UP hadde kontroll torsdag, og starta på E39 ved Matre. Her blei det fire forenkla førelegg i 80-sona. Den høgaste farten blei målt til 109 km/t, opplyser Glenn Ulrik Våge ved Nordhordland lensmannsdistrikt. 

    – Dei flytta seg så vidare til Brekke-området, der to køyrde for fort. 

    Den høgaste farten var her målt til 98 km/t i 80-sona.

Flere artikler

  1. NYHEITER

    Forsvann i kano. No er han avhøyrt

  2. NYHEITER

    Held fram søket etter sakna mann

  3. NYHEITER

    Avsluttar aksjon – søker etter antatt omkommen

  4. NYHEITER

    Mann i 30-åra slo mindreårig

  5. NYHEITER

    Politiet har ein sterk mistanke om kva som skjedde før bilen krasja i fjellveggen

  6. NYHEITER

    Tre personar til Haukeland etter trafikkulukke på E39

  1. Politiet
  2. Litlebergen
  3. Vest politidistrikt