Reagerer på varslingssak: «Svært betenkeleg»

FNB-generalen i Alver krev full opprydding i varslingssaka frå gamle Meland kommune.

Publisert:

Morten Klementsen er kommunestyrerepresentant for Folkeaksjonen Nei til mer Bombenger (FNB) i Alver. Foto: Henrik Hauken (arkiv)

  • Kaspar Knudsen

I mars kom det fram at ein kommunal leiar i gamle Meland kommune hadde godkjent rekningar som ho ikkje burde ha godkjent.

Denne veka gjekk mannen som varsla om kritikkverdige forhold i kommunen, Paal Tonning, ut og fortalde si side av saka i avisa Nordhordland.

Der kjem det fram at Tonning meiner han er blitt degradert til ei lågare stilling i kommunen som følgje av varslinga.

Les også

«Krava til habilitet er brote ved utbetalingar frå kommunen»

– Tøft gjort av Paal

Morten Klementsen, kommunestyrerepresentant for FNB i Alver, reagerer på utviklinga i saka.

I eit innlegg på Facebook skriv Klementsen at tilfellet med Tonning er svært betenkeleg og må granskast vidare.

Han understrekar at han ikkje vil førehandsdøma nokon i saka.

– Men det er tøft gjort av varslaren å stå fram på denne måten. Eg applauderer folk som tør å vera varslarar i vår tid. Generelt sett er det alt for vanskeleg, seier Klementsen til Strilen.

Granskning

Klementsen peikar på at saka ikkje er ferdig handsama av kontrollutvalet i Alver.

– Om det er riktig det som Tonning fortel, så har det skjedd klare brot på arbeidsmiljøloven. No må vi avventa kva som skjer vidare i saka. I neste veke skal kontrollutvalet møtast for å drøfta dette. Det blir spanande å sjå kva dei kjem fram til.

Klementsen seier han har ringt og snakka med Tonning etter intervjuet i Nordhordland.

– Eg tok ein telefon til han for å ytra mi støtte. Det må vera beintøft å stå i ei slik sak. Han gav også uttrykk for at han har det vanskeleg, seier Klementsen.

Fleire har tatt kontakt

Tysdag 26. mai er varslingssaka tema i kontrollutvalet i Alver kommune.

I utvalet, som består av sju medlemmer frå partia i kommunestyret, har Folkeaksjonen Nei til mer Bompengar både leiar og nestleiar.

– Eg har sjølvsagt konktakt med partifellar òg om denne saka. Fleire har tatt kontakt med kontrollutvalet om kritikkverdige forhold i gamle Meland kommune. No får vi berre venta og sjå kva som skjer vidare, seier Klementsen.

Publisert:

Les også

  1. – Eg burde aldri ha godkjent rekningane

  2. – Det revisjonen seier er alvorleg

  1. Utbygging
  2. Alver
  3. Meland
  4. Varsling
  5. Nordhordland