Min vesle Cavalier King Charles Spaniel tassar bortover Kvassnessvegen. Han går mot grøfta, der han elskar å vere, men får ikkje lov denne helga. For no er det unntakstilstand. Det er ei sjukdom som tar livet av fleire hundar, og den spreiar seg fort.

– Rådet vi har mot smittsame sjukdommar er å isolere. Ha hunden i band og ha minst mogeleg kontakt med andre hundar, seier Veterinærinstituttet på ein pressekonferanse fredag kveld.

– Bruk sunn fornuft

Ein hund går forbi. Vi stopper opp. Den andre eigaren går i boge rundt oss. Eg er ikkje den einaste som synest denne situasjonen er kjedeleg. Hunden min er irritert no. Han vil på do. Han må jo få gjere frå seg. Kanskje er eg for hysterisk? Han dreg i bandet. Meir enn normalt.

– Det er viktig å ikkje bli for hysterisk, men ein treng jo ikkje å vere i hundeluftegardar i desse tider. Bruk sunn fornuft. Du treng heller ikkje å helse på alle hundar du møter på, seier vakthavande ved Smådyrklinikken i Bergen, Kathrine Greve, som samstundes påpeiker at hundeeigarar følgjer råda til Mattilsynet.

Ho får støtte av vakthavande kollega ved Knarvik dyreklinikk.

– Eg har sjølv sendt bort hunden til foreldra mine, men det er berre i tilfelle eg skal kome borti sjuke hundar denne helga. Om eg ikkje hadde jobba, hadde eg latt hunden gå på tur, men vore litt meir forsiktig enn normalt.

Ein av dei døde hundane er frå Sogn & Fjordane. I løpet av laurdagen stadfesta Veterinærinstituttet at det no dreiar seg om heile 23 døde hundar, frå fleire stader i landet – deriblant Bergen.

Det er så langt ikkje stadfesta nokre tilfelle i vår region.

23 døde hundar

Til no er det 23 hundar på landsbasis som er stadfesta omkomne. Årsaka er framleis uklar, men obduksjonen av tre av dei døde hundane viser alvorleg tarmsjukdom. Det er ikkje teikn på at dyra er forgifta.

– Talet er nok høgare enn dei sju omkomne hundane. Vi fekk i kveld inn ein hund til, som viste dei same symptoma, seier Veterinærinstituttet fredag kveld.

Symptoma på sjukdommen er oppkast og blodig diaré. Sjukdomsforløpet er kort. Hunden blir altså fort dårleg. Det er difor viktig at du ringer veterinær raskt om hunden din viser teikn til symptom.

Det er ikkje kjend kva årsaka til sjukdomen er endå.

Eg slepp hunden inntil vegkanten. Endeleg i grøfta. Han snuser seg litt rundt før han gjer seg klar. Heilt normal og ikkje noko blod. Eg pustar letta ut.