Ein julikveld i 2020 blei ein mann i 40-åra med bustadadresse i Alver kommune stoppa av politiet ved jernbanestasjonen i Bergen.

Det var tydeleg at han ikkje berre hadde reint mjøl i bagasjen. Mannen oppbevarte nemleg til saman nesten 200 gram heroin, med ein styrkegrad på 1 prosent. Han hadde også nesten 300 ulovlege tablettar på seg.

Mannen blei seinare, i januar 2021, tatt med 2,7 gram herorin på ei adresse i Bergen sentrum.

Grovt brot

Då rettssaka mot mannen nyleg var oppe i Bergen tingrett, erkjente han seg skyldig for dei forholda han var tiltalt for.

Retten var heller ikkje i tvil om at mannen var skyldig, og dei meinte det var snakk om eit grovt brot på lovverket.

Mannen har sjølv forklart at han fekk i oppdrag å dra til Oslo for å frakte 150 gram heroin til Bergen, og at han blei stoppa av politiet på jernbanestasjonen då han gjekk av toget. Som betaling for oppdraget skulle han få delar av stoffet til eigen bruk, der verdien var estimert til 15 000 kroner.

I dommen står det: «Politiet hadde blitt tipset om en mann som oppførte seg merkelig, og tiltalte antok at det var fordi han nok var ruset.»

Streng straff

Mannen er domfelt 16 gonger tidlegare, mellom anna for narkotikakriminalitet.

Retten kom fram til at ei passande straff vil vere fengsel i eitt år og sju månader.

«Ved fastsettelse av straffen må det tas hensyn til tiltaltes rolle som innenlands narkotikakurer mot vederlag for en ikke navngitt oppdragsgiver. Tiltalte inngår ved dette som et viktig ledd i opprettholdelse av illegal omsetning av narkotika, og av en narkotikatype som har et stort skadepotensialet for brukerne. Tiltalte oppbevarte i tillegg narkotikaen i flere dager. Både allmennpreventive og individualpreventive hensyn tilsier en streng straffereaksjon.», står det i dommen.

Mannen kan anke dommen, og han er difor ikkje rettskraftig enno.

Monica Skjelanger Reknes

Stakk av med nøklar og mobiltelefon under besøksforbod

Foto: Bjørnar Morønning

Kvinna i 40-åra fekk besøksforbod etter eit alvorleg valdstilfelle mot ein mann i Nordhordland. Det hindra henne ikkje i å ta turen på nytt.

Kvinna er no dømt i Hordaland tingrett til 30 dagar i fengsel for brot på besøksforbodet.

Etter vald mot mannen ved eit tidlegare høve, fekk ho besøksforbod. Ho valde likevel å bryte det.

Kvinna skal ved det første høvet, ha dukka opp ei laurdags natt og tatt nøklane og mobiltelefonen til mannen. Ho tok turen attende nokre månader seinare, for å prøve å få kontakt med mannen.

Kvinna tilstod forholda, og vart dømt for brot på besøksforbod to gonger.

Tingretten legg til at den uforbehaldne tilståinga trekk i formildande retning.

Då ho har vore i varetekt i 68 dagar, er straffa rekna som oppgjort.

Siste innlegg

Har du tips eller spørsmål? Send oss ei melding:

Send inn
Erlend Nordland Kristiansen

Fekk bilen ramponert fleire gonger: – Ein kjenner seg utrygg

Foto: Privat

Ein mann i femtiåra frå Rogaland skal ha ramponert bilane til fleire av dei han dreiv eit firma saman med.

Ein av dei var ein mann frå Nordhordland, som skal ha fått uønskt besøk heile tre gonger.

Dommen vart anka og er difor ikkje rettskraftig enno.

Les meir her:

Erlend Nordland Kristiansen

Har arrestert to etter hyttetjuveri

Mellom 7. og 15. februar var det innbrot i to fritidsbustadar langs Molvikvegen i Alver.

No kan saka vere løyst.

– To personar er gripen i Sogn og Fjordane, seier Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland-politiet.

Dei to personane skal ha komme under oppsyn etter andre «brekk» i Sogn og Fjordane. I samband ransakinga skal det ha blitt funne ting som høyrer heime i hyttene langs Osterfjorden.

Vangberg fortel vidare at dei to personane truleg blir framstilt for varetektsfengsling.

Erlend Nordland Kristiansen

Via skjult kamera blei sexkundar filma. No er ein mann dømt

Klokkekamera. Foto: Politiet

Ein mann frå Nordhordland er dømt til fengsel for brot på hallikparagrafen, ifølgje ein fersk dom frå Hordaland tingrett. Dommen blir vurdert anka.

Gjennom 2021 følgde politiet med på annonsar med lettkledde kvinner på nokre nettsider for massasje- og eskortetenester.

I annonsane stod det: «Denne annonsen tilbyr ikkje noen seksuelle tjenester, så spør vennligst ikkje om det».

Men politiet hadde sine mistankar.

Les meir her:

Monica Skjelanger Reknes

Braut seg inn, stal sekk og fylte han med kjøt frå frysen

Foto: Bjørnar Morønning / NTB

Ein mann frå Nordhordland er i Hordaland tingrett dømt til 68 dagar i fengsel etter ei rekkje brot på straffelova.

For i tillegg til å ha oppbevart narkotika, har mannen tatt seg inn i både ein vaskekjellar, buer og skap, på ulike tidspunkt.

Mannen skal også ha tatt seg inn i ei bod, der han fann ein sekk. Denne tok han før han fylte han med kjøtvarer frå ein fryseboks som også sto i boden.

Mannen skal også ha forsøkt å bryte seg inn i ein bod for å skaffe seg utstyr som han kunne selje, men han fekk ikkje opp døra. Nokre dagar seinare prøvde han å ta nokre flasker alkohol frå eit skåp i ein hage, men vart stoppa då naboen oppdaga forsøket på tjuveri.

Han skal også hatt ammunisjon i jakkelomma, utan å ha løyve til det.

Mannen vart dømt for fleire brot på straffelova, og på våpenlova, og må betale sakskostnader.

NPK

Vaktsjefen på Helge Ingstad ankar ikkje dommen til Høgsterett

Foto: Terje Pedersen

Vaktsjefen på fregatten Helge Ingstad har bestemt seg for å ikkje anke Gulating lagmannsretts dom, opplyser forsvararen hans.

– Saka har vore ei svært stor belastning for vaktsjefen og familien hans. Han er usamd i domfellinga til lagmannsretten av han, men etter ei totalvurdering har han bestemt seg for å ikkje gi anke over dommen, opplyser advokat Christian Lundin.

Mannen vart i lagmannsretten dømd til 60 dagars fengsel – same straff som i tingretten. Vaktsjefen meiner ifølgje Lundin framleis at det er feilaktig at han vart domfelt.

– På den andre sida meiner han at tida er inne til å leggje saka bak seg og sjå framover. Vaktsjefen er samd i at han har gjort feilvurderingar, men han gjorde så godt han kunne innanfor det systemet han var sett til å arbeide i, heiter det i ei fråsegn frå forsvararen.

Henrik Hauken

Tiltalt for å ha køyrd rusa

Ein mann i 20-åra frå Alver er tiltalt for å ha køyrd i rusa tilstand ein stad i Bergen tidlegare i år.

Mannen skal har vore rusa på THC, ifølgje tiltalen.

Monica Skjelanger Reknes

Dømt for seksuell omgang med mindreårige

Ein mann frå Nordhordland er dømt for å ha hatt seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år.

Mannen var tiltalt for ha hatt seksuell omgang med ei jente i alderen rundt 14 år, fleire gonger i ein periode på eitt år. Han skal også ved eitt høve hatt seksuell omgang med ei jente på rundt 15 år.

Les meir her:

Henrik Hauken

Må sone i over to år for seksuelle handlingar mot sovande kvinne

Etter ein fest i Alver, skal den fornærma kvinna ha sovna på sofaen der festen blei halden.

Den tiltalte mannen skal ha kome med tilnærmingar til både den fornærma og andre kvinner på festen.

Etter at den fornærma sovna, skal mannen ha kome med fleire seksuelle handlingar mot den fornærma kvinna.

Dagen etterpå skal kvinna ha reist til valdtektsmottaket ved Bergen legevakt.

«Retten har i bevisvurderingen vedrørende ovennevnte hendelsesforløp lagt avgjørende vekt på fornærmedes forklaring og funn av DNA av samme type som tiltalte på fornærmedes ytre kjønnslepper og truse», står det i dommen.

Den tiltalte hevdar at han ikkje har gjort handlingane, men retten finn bevisa, i tillegg til vitneutsegn frå kvinna, så truverdige at mannen blei dømt.

Mannen må sone i to år og åtte månadar for ugjerninga.

Han må også betale oppreising til kvinna på 150.000 kroner.

Saka kan bli anka vidare til lagmannsretten.

Henrik Hauken

Dømt til 45 dagar for grovt trygdebedrageri

Ei kvinne i 40-åra opplyste å ha jobba langt færre timar på meldekortet til Nav enn ho hadde gjort. Dette medførte at grunnlaget for automatisk berekning av stønaden frå Nav blei heilt feil, og kvinna fekk uretteleg utbetalt rundt 340.000 kroner.

Kvinna blei difor sikta for grovt trygdebedrageri, og blei dømt til 45 dagar fengsel.

Kvinna har godtatt dommen.

Henrik Hauken

Kolliderte etter ferjetur – dømt for promillekøyring

Bilde frå ulykkesstaden. Foto: Henrik Hauken

Tidlegare i år krasja ein mann i 20-åra etter ein ferjetur over Fensfjorden. Han kom ikkje så langt etter ilandkøyring i Leirvåg, før bilen krasja inn i ein bil framfor han.

No er mannen dømt for å ha køyrd i ruspåverka tilstand.

«Han var påvirket av alkohol, med en alkoholkonsentrasjon på minst 1,5 promille» står det i tiltalen frå politiet.

Mannen har tidlegare fått bot for å køyre utan gyldig førarkort.

Sikta kom med tilståing utan atterhald i retten, og blei dømt til ein bot på 57.000 kroner, evt. fengselsstraff i 15 dagar.

Dommen kan ankast vidare til lagmannsretten.

Henrik Hauken

Ruskøyrar dømt til fengsel

Ein mann i tidleg 20-åra frå Alver blei i starten av oktober sikta for å ha køyrt bil med promille.

Mannen skal ha køyrt bil med ein alkoholkonsentrasjon på minst 1,5 promille ved Leirvåg ferjekai i Austrheim, og kolliderte med ein annan bil.

Strilen veit ikkje om nokon vart skadd i denne hendinga.

I dommen står det at føraren har lagt alle korta på bordet, og retten fann bevisa tilstrekkelege for å dømme ham i samsvar med siktinga.

Han er dermed dømt til 21 dagar fengsel, ein bot på 57.000 kroner, og han mister føraretten i to år. Det er også krav om å ta ein ny førarprøve for å få lappen att.

Monica Skjelanger Reknes

Juksa med meldekort – fekk utbetalt meir enn 140.000 kr

Foto: Anders Totland (arkiv)

Ein mann frå Nordhordland melde inn til Nav at han hadde arbeidd berre nokre få timar. Sanninga var noko heilt anna.

Mannen melde i eitt år at han arbeidde i rundt 40 timar, medan sanninga var at han fekk utbetalt løn for 1.145 timar.

I oktober måtte han møte i retten.

Her kom det fram at mannen skal ha motteke 144.058 kroner i brutto i perioden, langt meir enn han skulle ha. No er han dømt for trygdebedrageri og for å ha gjeve falsk forklaring.

Retten skriv at det er formildande at mannen tilstod forholda.

Mannen vart dømt til 25 dagar i fengsel utan vilkår.

Martin Brekke Hjellestad

Kvinne dømt – hadde 1,75 i promille

Det var i slutten av juni at ei kvinne i 60-åra blei stoppa på køyretur ein stad i Alver medan ho var påverka av alkohol, med ein alkoholkonsentrasjon på 1,75 promille.

I retten tilstod ho. På bakgrunn av dette har retten funne det bevist at sikta har stilt seg som det er skildra i siktinga, og at ho har handla aktlaust.

Først blei kvinna dømt til 30 dagar fengsel og tap av førarretten i 21 månader, men det blir lagt vekt på at ho har gitt frå seg ei fullstendig tilståing og samtykt til å gjennomføra eit program mot ruspåverka køyring.

Derfor blir straffa på vilkår, i tillegg til at ho får ei bot på 30.000 kroner og mister førarretten i to år.

NPK, Erlend Kristiansen

Død mann gravlagd som ukjend

Politiet har ikkje klart å finne identiteten til mannen som i februar vart funnen død i sjøen i Solund.

– Den avdøde har vore sjekka opp mot saknasaker i både inn- og utland utan at ein har klart å finne identiteten, og mannen blir no gravlagd som ukjend, seier politiadvokat Sven Arne Dahl-Michelsen til NRK.

Liket vart funne av ein tilfeldig forbipasserande.

Solund er ein del av Nordhordland politistasjonsdistrikt og har derfor blitt etterforska ved vårt lokale politidistrikt.

– Det er ein vaksen mann, men han er ikkje identifisert. Han har vore i sjøen i minst tre månader før han vart funnen, sa politistasjonssjef Kjell-Idar Vangberg til Strilen i starten av mars.

Siv Berg Lutro

Køyrde i 143 km/t i 80-sona

I påska i år stilte UP seg opp langs E39 i Romarheimsdalen, på Masfjord-sida av kommunegrensa, der ein haug med bilistar blei kontrollerte.

Ein av dei som blei stoppa i kontrollen, var ein fartssyndar i 30-åra som køyrde i 143 km/t i 80-sona.

Nyleg måtte mannen møte i Hordaland tingrett, der han tilstod det som hadde skjedd.

No er mannen dømt til fengsel i 16 dagar. Han mistar også førarkortet sitt i 14 månader, og må ta ny full førarprøve om han ønsker å sitte bak rattet igjen.

Siv Berg Lutro

Tre gonger sette mannen seg bak rattet etter å ha drukke alkohol

Ein onsdag i mai i år blei mannen stoppa på Radøy. Mannen hadde då køyrt bil med 1,2 i promille.

Laurdag same veke blei han nok ein gong stoppa av politiet. Denne gongen med 2,05 i promille.

Ni dagar seinare sette mannen seg bak rattet med 2,32 i promille.

I tillegg hadde han ved dei to siste tilfella køyrt bil utan å ha gyldig førarkort.

Nyleg måtte mannen møte i Hordaland tingrett, der han tilstod.

No er han dømt til 75 dagar fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år. Det betyr at mannen slepp å sone i fengsel om han ikkje gjer seg skuldig i nye lovbrot.

I tillegg må han gjennomføre eit program mot ruspåverka køyring.

Mannen får også ei bot på 70.000 kroner, og får ikkje køyre bil på tre år.

Siv Berg Lutro

Skal ha køyrt på E39 medan han var påverka

Ein mann er tiltalt for å ha køyrt bil medan han var påverka av bedøvande midlar.

Dette skal ha skjedd to gonger på E39 i Alver i løpet av kort tid våren 2023. Ei blodprøve viste at han skal ha vore påverka tilsvarande over 1,2 i promille.

Mannen er også tiltalt for eitt tilfelle av å køyrt bil utan gyldig førarkort.

Henrik Hauken

Tiltalt for å ha stole båtmotorar

Ein mann er tiltalt for å ha stole to påhengsmotorar i Gulen. I tiltalen skriv politiet at tjuveria er gove, sidan dei blei gjennomførte ved innbrot i eit båthus.

Strilen har forsøkt ved fleire høve å få kontakt med advokaten til vedkommande, men har førebels ikkje fått svar.

Martin Brekke Hjellestad

Kvinne varetektsfengsla etter påsett brann

Foto: Anne-Lise Nordpoll

Kvinna som tente på ei madrass i ei leilegheit 9. juli blir varetektsfengsla.

Dette skjer etter at lagmannsretten gjorde om tingretten si avgjersle om at ho ikkje skulle bli varetektsfengsla.

«Tingretten har gjort en uriktig vurdering når det konkluderes med at gjentakelsesfaren kan forebygges tilstrekkelig med alternativ til fengsling», skriv lagmannsretten i rettsavgjerda.

Det var Avisa Nordhordland som først melde om utviklinga i saka.

BA skriv at kvinna sin forsvarar, Jørgen Riple, meiner at fengsling er eit unødvendig grep, og han har ifølgje rettsavgjerda opplyst at nettene i arrest og fengsel har vore ei enorm påkjenning for hans klient.

Dette tok ikkje lagmannsretten omsyn til, og vedtok varetektsfengsling i fire veker.

Sju personar blei evakuerte frå det kommunale bufellesskapet der brannen starta.